Knask på ein fredag: Juni

Dagane går og anten du vel å kjøpe bruk­te kyr eller ikkje, er som­maren og agurk­ti­da rett rundt hjør­na. Eg likar agurkar som knask, men sidan ikkje alle lik­er det gir eg deg denne mik­sen av dig­i­talt knask i stedet: Det er fredag!

Mjølk er godt!

Eit glas mjølk kan vere for­friskande til ei fer­sk skive med skinke og salat. Orsak om biletet over var for frekt, men det er jo fredag, er det ikkje? I det siste har det også duk­ka opp ein del design som er kraftig inspir­ert av drik­ka, og som fan­gar inter­es­sa di. Nettstaden Abduzee­do har sam­la nokre for å glede augo våre. Einaste som manglar no er vel ein pakke med Oreo…

CitID – gje namnet på byen din eit ansikt!

Dette er eit pros­jekt som går på å syn­leg­gjere kjente og ukjente byar ved hjelp av eit eige skrift­snitt eller uttrykk.

Ever heard of Tegu­ci­cal­pa? How about Sandnes or Brunswick? Prob­a­bly not.

Du er invitert til å sende inn ditt forslag, og kan­skje du kan ende opp i boka dei plan­legg å gje ut? Stikk innom og legg att «fin­ger­avtrykket» til din by!

Levande design

Bileter seier meir enn ord, og difor mein­er eg det er nok å berre linke til denne fan­tastiske nettstaden  frå Asif R. Naqvi til alle kreative sje­lar der ute: Liv­ing Design

Maksimere, maksimere…

Mak­simer har halde på ei stund (tidle­gare under nam­net b-found) med å mak­simere nettst­ed­er, men har ikkje før no klart å sta­ble ei eige side på beina. Reint, ryd­dig og fint å sjå på. Mak­si­mal glede!

Ikoner, ikoner og atter ikoner…

Mash­able har sam­la ei liste med dei ti beste, eller vakraste om du vil, min­i­mal­is­tiske ikon­set­ta du kan finne på net­tet i dag.

Ingen typografi, herr Kvalheim?

Nei, stem­mer det. Eg har ikkje teke noko om typografi med i dagens spalte, men ikkje fortvil! Eg held på å skrive eit lengre inn­legg som omhand­lar mitt favorit­temne. Den som ven­ter litt til, får sjå!

God helg, lesarar!