Knask på ein fredag: Mai

Mai er straks over, og det betyr at det resten av året ikkje vert nokon offisielle raude fridagar før 1. juledag. Lykke? Neppe. Godt er det då at eg kan presentere i alle fall litt knask til deg før helga og juni tek over.

Techi – dagleg dose av teknologi

Dette er ei ny side som vart lansert tidleg i mai, der du kan finne nyttige artiklar som omhandlar teknologi. Dei meiner at det dei driv, og skriv om, ikkje er tørt og kjedeleg. Tvert om! Stikk innom og sjå om dei klarer å halde lovnaden.

Kvil i fred PC vs. Mac

Nei, eg skal ikkje kome med saftige meiningar om den evigvarande diskusjonen om kva som er best av PC og Mac. Det er heller ein trist nyheit om ein reklamekampanje som har gått i fleire år eg har å kome med. Apple sin «Get a Mac»-reklame enda sine glansdagar i førre veke, overteke av ein kjedeleg kvifor-du-elskar-Mac-greie med masse over-fargerike bileter og langdrygen tekst. One More thing har klippa saman ein liten video av diverse høgdepunkt frå serien som du kan sjå her.

There’s an app for that

Jøsses, her er visst endå ein sak om Mac. Eller, det vil seie at den er KRAFTIGT inspirert av reklamene til Apple og iPhone. På nettstaden App For That kan du lese bidrag frå folk om alt dei meiner det er ein applikasjon for. Det skulle ikkje forundre meg om det var ein applikasjon for å finne applikasjonar…

Haik Avanian

Dette er den lekre vev-/foto- og skriftportefølja til Haik Avanian. Treng eg seie meir? Vel kanskje, men venene hans forklarar sikkert betre kven dette er.

Glad i sløyd?

Og endå betre; er du i tillegg glad i å lage film, då bør du få med deg denne musikkvideoen med artisten Tim Knol og laga av Sverre Fredriksen. Vakkert!

Frå digital 2D til ekte 3D

Til slutt i dag kan eg tipse deg om noko du skriv med på datamaskinen og får ut i ekte 3D. Og med ekte meiner eg sånn skikkeleg ekte. Skrifttypen Punched Out er skrifta du skal nytte om du vil kunne skrive ut, klippe, lime, herje og tilslutt få ei snasen 3D-skrift du kan ha ståande på bordet ditt. Den er til og med gratis.

  • Ooo! 3D-bokstaver! En ny tidkrevende distraksjon fra arbeidet. *laster ned*