Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Strukturert til fingerspissane!

Alle treng litt struktur i livet sitt innimellom, og er du designer kan det vere lurt å gjere det i den digitale kvardagen også. Det finst utallige systemer på korleis dette kan løysast best, men eg har samla nokre «hjelpesentralar» under som eg nyttar meg av når eg skal designe ei nettside.

Alle treng litt struktur i livet sitt innimellom, og er du designer kan det vere lurt å gjere det i den digitale kvardagen også. Det finst utallige systemer på korleis dette kan løysast best, men eg har samla nokre «hjelpesentralar» under som eg nyttar meg av når eg skal designe ei nettside.

Sjefen over alle sjefar

Eigentleg hadde eg ikkje treng å nemne noko meir etter denne. The Grid System er rett og slett sjefen over alle sjefar når det kjem til grid-baserte løysingar. På nettstaden kan du finne alt av systemer, artiklar, veiledningar/maler og annan relevant inspirasjon til å putte saman den ultimate nettstad. Strukturmessig vertfall.

Kolonne meg der, kolonne meg her…

I mitt neste design (når det enn klarar å kome vekk frå skissestadiet) er det prinsippet til 960 Grid System eg kjem til å nytta mest. Med dette kan du setje opp designet ditt til å følgje ein mal på 12, 16 eller 24 (takkar Joachim Molund for påminning om den siste der) kolonner i ei breidde på 960 piksler – ei breidde som dei fleste skjermar i dag skal kunne vise. På nettstaden kan du også laste ned maler til bruk i blant anna InDesign, Illustrator, GIMP og Photoshop.

Grunnprinsippieltaktig-ish

Baseline CSS gir deg eit utgongspunkt i koda CSS og HTML slik at du kan bygge opp nettsida di med ein god grunnstein. Det vert lagt vekt på  kode, design og typografi i denne.

Alt du treng vite om rutenettsystem

Mark Boulton har ein serie med tips og triks for korleis du kan lage deg dine eigne systemer å bruke i dine design. Han tek for seg alt frå byrjinga til den store finalen der du får sett det i praksis. Primært er det for det trykte media, men vil tru at grunnprinsippet fungerer likegodt i design på nett.

Er tekst vanskeleg?

Om du er av typen som heller ser på illustasjonane og bileta i magasin, eller elskar å lese teikneseriar, er denne av Brad Colbow noko for deg. Den forklarar enkelt korleis enkle justeringar kan gjere eit design mykje meir delikat.

Rutenett over alt!

Om du ikkje har fått nok av ovannemnte sider og rutesystem er det fortsatt håp! Slammer er ein applikasjon til Mac OS X (Snow Leopard) som gir deg moglegheit til å legge eit rutenett akkurat der du måtte ynskje. I tillegg kan du bruke det som målebånd, skjermdump-takar og forstørrelsesglas.

For mykje faste oppsett?

Om du er lei av faste oppsett og klar for meir flytande føde innanfor temaet vil eg anbefale deg å besøkje bloggen til Anders-Meyer Eldøy. Han har nett har publisert ein artikkel som tek for seg flytande grids.

Nyttar du nokre av dei ovanståande systema når du designer?


6 ytringar

  1. Bra liste dette ;)

    Mia Holte
    sundag 18. april 2010, 12.44 · Permalenkje
  2. Kjekt å høyre! Alltid greitt at det eg publiserer vert godt mottatt. Denne artikkelen stod på «teiknebrettet» i to månader før eg fekk fingeren ut og fullførst skribleria om emnet. Eg har hatt andre analoge ting eg måtte «strukturere» først…

    Espen M. Kvalheim
    måndag 19. april 2010, 13.13 · Permalenkje
  3. Nyttar sjølv «Blueprint: CSS» som mitt utgangspunkt. Har ei kjekk PSD fil kor kolonnene er satt opp med guides, slik at eg ikkje har sjanse til å sette opp noko «skeivt». Her er ein kort artikkel om Blueprint datert 2007 mao. har eg brukt dette i 3 år alt (skremmande): http://www.fireisland.no/tips/blueprint-css-rammeverk/

    Anders-Meyer Eldøy
    måndag 26. april 2010, 7.17 · Permalenkje
  4. Verkar som eit interresant grid-system det der. Gøy at det er norsk!

    Espen M. Kvalheim
    tysdag 27. april 2010, 9.10 · Permalenkje
  5. Den er litt skjult, men det stemmer aldeles! Har oppdatert teksten :)

    Espen M. Kvalheim
    tysdag 27. april 2010, 10.26 · Permalenkje
  6. ps, 960.gs kommer og med 24 kolonner :)

    Joachim Molund
    tysdag 27. april 2010, 9.55 · Permalenkje

Ein attendeping

  1. [...] innlegget Strukturert til fingerspissane! › the unborn chikken har Espen Kvalheim samlet endel godt stoff om grid-baserte layoutløsninger som kan benyttes både [...]
    tilbakeping: Typografika

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional