Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Møt din nye ven: Alfred

Eg er eit vanedyr, særleg når det kjem til små programmer som gjer kvardagen enklare og kanskje også ein heil del meir effektiv. Hadde eg hatt ein Intel-basert Mac hadde Alfred glatt vorten min nye ven.

Eg er eit vanedyr, særleg når det kjem til små programmer som gjer kvardagen enklare og kanskje også ein heil del meir effektiv. Hadde eg hatt ein Intel-basert Mac hadde Alfred glatt vorten min nye ven.

Skjermskot frå applikasjonen. Det enklaste er ofte det beste. Eller?

Alfred App er ein «Quicklaunch»-applikasjon til Mac (foreløpig Intel-baserte) som med sin geniale enkelheit finn det du er ute etter. Det vere seg lokalt på din datamaskin eller på nettet. Quicksilver har meg bekjent trona på toppen når det gjeld slike program, men slik eg (og AppStorm) ser det kan det virke som Alfred er på veg oppover i ein durabeleg fart. Dette også til tross for at applikasjonen fortsatt er i beta.

Kva meiner du? Har Alfred ei god framtid, eller er det Quicksilver som gjeld heretter også?

Summary in english:

Meet Alfred

You may know Quicksilver, a quicklaunch app for the Mac, but have you heard about Alfred? This new app seems to be a lighter (and better?) alternative for the average user. What do you think?

Give Alfred App a try!


Ei ytring

  1. Kan no informere om at denne herlegheita også er komen i PPC-versjon: http://help.alfredapp.com/ppc/

    Espen M. Kvalheim
    sundag 22. august 2010, 19.05 · Permalenkje

Ein attendeping

  1. [...] er ein lettvektar innan indekserings- eller snarstarts-applikasjonar. Eg har skrive om denne før, men nemner det gjerne om att: Denne er genial til å opne programmar og kontakter raskt i Mac OS [...]

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional