Knask på ein fredag, veke 10

Kalenderen viser nok ein gong at det er fredag. Samstundes som snøen renn vekk og våren kjempar seg fram i det sure regnvéret, er det godt å vite at eg kan halde deg innandørs med nye knask!

Kalenderen viser nok ein gong at det er fredag. Samstundes som snøen renn vekk og våren kjempar seg fram i det sure regnvéret, er det godt å vite at eg kan halde deg innandørs med nye knask!

Leik med mat

Du har sikkert opplevd å fått beskjed om ikkje å leike med maten i løpet av oppveksten din. Hjå Lazy Palace kan du finne ein god samling med bileter frå folk som, heldigvis, har trossa denne åtvaringa og laga kunst av mat. Smakfultl!

Glad i film og logoer?

I amerikanske filmar er du vitne til flust av produktplasseringar frå forskjellige firmaer. I denne filmen treng du ikkje leite særleg etter desse, i og med at heile filmen er bygd opp av berre logoer. Det tok visstnok seks år å lage denne 16 minutters filmen, men folka bak fekk løn for innsatsen: Dei fekk nemleg Oscar for beste korte animasjonsfilm!

Ta nerden i deg eit steg vidare!

Er du ein ekte nerd, eller berre er oppslukt av dingser til heimen? Mashable presenterer her deira topp ti liste for kva du bør ha av teknologi-dippedupp-dingser på kontoret/arbeidsplassen din. Alt frå iPhone-bordbrikker til dørmatter forma som ein tast på tastaturet.

Internet Explorer 6 har sovna (stille?) inn…

1. mars vart støtta for IE6 hjå Google Docs fjerna, og dette førte til at nettlesaren sovna inn samme morning. I alle fall ifølgje nettstaden IE6 Funeral. Hendinga gjekk ikkje upåakta hen, og Aten Design Group stelte i stand ei gravferd i deira kontor der folk kunne kome å halde sin avskjedstale. Bileter frå anledninga kan sjåast på Flickr. Eg reknar med at det ikkje er så mange som vil sakne den…

Ikoner på kopp

Det er mange av oss designerar, utviklarar og kontorotter som ikkje klarer seg utan ein kopp kaffi eller fem om dagen. Dette ikon-settet er koffeinfritt, men inneheld ikoner forma som koppar dekorert med diverse logoer. Om lidt er kaffen klar…

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.