Knask på ein fredag, veke 9

Enten du liker det ikkje er det berre to dagar til måndag, men for å feire at nok ei hard arbeidsveke er over er det på sin plass at det kjem noko knask frå meg på ein fredag som denne. Det einaste me manglar no er eit snev av vår…

Enten du liker det ikkje er det berre to dagar til måndag, men for å feire at nok ei hard arbeidsveke er over er det på sin plass at det kjem noko knask frå meg på ein fredag som denne. Det einaste me manglar no er eit snev av vår…

Det er visst trist i den moderne verda…

Ofte er det sagt at «Design is all that matters», men skal me tru nettstaden Unhappy Hipsters ser det ganske så trist ut i den moderne verda med all designen som omfamnar oss. Fine bileter, men triste folk med andre ord. Uanskvett er det verdt eit besøk!

Jeffrey Way

Jeffrey Way er ein driftig herremann. Han er skribent for Nettuts+ og administrator på ThemeForest og CodeCanyon. I tillegg til dette har han også sin eigen blogg der han pøser ut med mykje forskjellig knask innimellom.

Hjulet – ei genial oppfinning

Hadde det ikkje vore for denne oppfinninga hadde me ikkje fått bilen, og logoane til bilprodusentane hadde ikkje sett dagens lys. Instant Shift har presentert utviklinga på logoane til dei største produsentane verda over. Noko for deg som både har interesse for bil og design her altså…

Friday Fresh Free Fonts

Kva seier du til å få eit par-tre gratis skrifter servert kvar fredag? Abduzeedo har ein annan vri på min fredagsspalte, nemleg det å presentere eit liten bunke med skrifter som du kan laste ned gratis. Denne bør bokmerkast om du er glad i skrifter!

Brusher til Photoshop

Det ser ut til at det finst spalter for kvar ein dag på nettet. Eg har mitt knask på fredagar, mens BittBox deler ut gratis brusher til Photoshop på tysdagar. Enjoy!

Aldri ein fredag utan…

Ja, det er nok snakk om ikoner. Web Icon Set tilbyr gratis nedlasting og fri bruk av deira flotte nettbutikk-ikon. Kan leggje til at dei også har mange andre slike sett som du kan laste ned. Klikk og bruk!

God helg!

Skal du ut å køyre i helga, så køyr varsamt; det kan vere radiostyrte bilar ute på vegane!

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.