Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Knask på ein fredag, veke 6

Som den romantikeren eg er dagens knask fullt og heilt dedikert til klissete klisjéar og romantisk romantikk. Valentines dagen er to dagar unna, og har du ikkje allereie stabla noko saman til din kjære, er kansje tida inne for det. Innvendingar mot dagens tema kan rettast i kommentarfeltet…

Som den romantikeren eg er dagens knask fullt og heilt dedikert til klissete klisjéar og romantisk romantikk. Valentines dagen er to dagar unna, og har du ikkje allereie stabla noko saman til din kjære, er kansje tida  inne for det. Innvendingar mot dagens tema kan rettast i kommentarfeltet…

Inspirasjon i massevis!

I avdelinga for vektorgrafikk hjå Tuts+ kan du finne illustrasjonar som kanskje kan gagne dine kreative sider og imponere sin kjære stort.

Om den ovannemnte lenkja ikkje var nok inspirasjone, kan eg tipse deg om at nettstaden Abduzeedo også har ein del gode inspirasjonsillustrasjonar/bileter å vise deg!

Datakunnskapar er hjarteleg velkomen!

Det skal ikkje vere lett å vere sekretær med lite datakunnskapar i desse dagar, i vert fall om denne teiknestripa viser den generelle standarden innan den nemnte arbeidsgruppa…

Mykje lys, mykje varme…

Hos Etsy kan du handle mykje rart, blant anna produkter med hugsleiksmotiv, som for eksempel hand-i-hand-votter. Det er kanskje litt for seint å bestille ting herifrå, men du kan ta det som eit tips til neste år? Om du ikkje er ein racer på å strikke, då sjølvsagt…

For dei som tek den heilt ut…

Overskrifta er kanskje litt frekk når du ser kva temaet omhandlar, men den kom så naturleg at eg berre måtte bruke dei orda… Uansett er denne sida full av inspirasjon til korleis du kan overraske din kjære på soverommet – dekorativt sett…

Ikoner til fri benytting

Icon Eden har vore så gilde at dei tilbyr ei røys av ikoner med romantisk uttrykk til gratis nedlasting frå si side!

Når man er i det romantiske hjørnet…

For dei som ynskjer å «pynte» på sitt digitale skrivebord, finn du ein god del bakgrunnar på denne siden.

Ha ei ekstra romantisk helg folkens!

Summary in english:


2 ytringar

  1. <3

    jocke
    laurdag 13. februar 2010, 3.21 · Permalenkje
  2. :)

    Espen
    sundag 14. februar 2010, 21.45 · Permalenkje

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional