Knask på ein fredag, veke 5

Eg stilte eit kort og enkelt spørmål på the unborn chikken si «fanside» på Facebook om eg burde starte å ha knask til deg kvar fredag. Responsen var ikkje enorm, men nok til at eg overtala meg sjølv til å gje deg det som veka byr på av fiffige ting eg finn på nettet. Eg får stupe i det!

Eg stilte eit kort og enkelt spørmål på the unborn chikken si «fanside» på Facebook om eg burde starte å ha knask til deg kvar fredag. Responsen var ikkje enorm, men nok til at eg overtala meg sjølv til å gje deg det som veka byr på av fiffige ting eg finn på nettet. Eg får stupe i det!

Yaron Schoen

Eit ord: Lekkert! Nettstaden til Yaron Schoen er rett og slett ei fryd å sjå på og navigere seg gjennom. Som han sjølv seier, så kan det kanskje kallast for magi det han lager, for flott er det! Denne sida er herved satt som bokmerke i knask-mappa mi.

Work-killer

Det kan hende sjefen min ser dette, men her kjem ei anbefaling på dagar med lite gjevande arbeide. Work-killer er ikkje ei fancy-smashy designa nettside, men rett og slett ei side der du finn artige historiar og bilete frå det daglege som gjer livet litt lysare!

WordPress-snop

Mykje bra kan seiast om WordPress. Designet på administrasjonsdelen er ein ting eg likar ganske så godt. Det er enkelt, greit og intuitivt. Om du er den som ynskjer å forandre på dette, kan 1st Webdesigner hjepe deg på veg her. I dette innlegget kan du lese meir innstikka du kan trenge for å få det meir etter din smak.

Stefan Velthuys

Kom inn på denne sida via ei lenkje på twitter som sa at denne mannen hylla alle som nytta moderne nettlesarar. Eg tenkte at designet her måtte vere over middels, og eg fekk rett. Stefan Velthuys har ei særs god og delikat nettside! Om du ikkje likar at den er blå, kan du alltids skifte farge til grønn, burgunder eller lilla!

Andreas Gravdal

Dette er nettsida til ein kamerat av meg, Andreas Gravdal. Denne fyren har lang fartstid som foredragshaldar, og starta ved årsskiftet «eit slags kommunikasjonsbyrå» der han står på eigne bein og tilbyr seg å halde foredrag med fokus på identitet og sjølvbilete  i ungdomskulturen. Ein meget flink fyr med viktige spørsmål og bondevett!

Ikoner/skrifter

Sjølv om knasket kjem med raskare frekvens er det ikkje til å unngå å få med nokre ikon og skrifter på kjøpet. Eller ordet «kjøpe» er kanskje feil å bruke i og med at alt eg listar opp her er gratis…

3 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.