Typografimania

Nokre elskar typografi meir enn andre. Eg plasserar meg glatt som ein av dei, og føler difor at eg må dele denne fantastiske oppfinninga meg deg. Det eg presenterar i dag er blant anna artiklar, gratis skrifter og fiffige historiar om typografi i forskjellige utgåver.

Nokre elskar typografi meir enn andre. Eg plasserar meg glatt som ein av dei, og føler difor at eg må dele denne fantastiske oppfinninga meg deg. Det eg presenterar i dag er blant anna artiklar, gratis skrifter og fiffige historiar om typografi i forskjellige utgåver.

Handskrivne delikatesser

Tripwire Magazine har vore så snille og skrive eit godt innlegg om bruk av handskrivne skrifter i design. Denne type skrifter gjer designet meir personleg, og man føler at man kanskje er meir velkommen til å besøkje nettstaden eller arrangementet (om man bruker det på f.eks ein plakat). I tillegg har dei lista opp 70 fantastiske skriveskrifter som du kan laste ned.

Sidan mi eiga handskrift ikkje er med i lista, kan du alltid laste den ned her.

Er det rart me elsker Helvetica?

Om du er like opptatt av typografi som meg, deler du sikkert gleda over Helvetica som skriftsnitt. Skrifta, utskåre i 1957, finn du overalt i logoar, produkter, plakatar og mykje anna utan å stikke seg særleg fram. Desizn tech har funne fram 45 plakater som bruker sjølve skrifta til å hylle seg sjølv. Om du ikkje har sett den endå kan eg også anbefale filmen om Helvetica:

Lese endå meir om denne skrifta? Då har Webdesigner Depot ein grei artikkel å vise deg!

Typografigeek og vevdesigner?

Om du kan seie ja til begge ovannemnte er denne oppsummeringa til Tripwire Magazine (dei har mykje bra, I may add) noko for deg. Dei har nemleg samla over 75 ressursar for deg, alt frå skriftgeneratorar der du kan lage dine eigne skrifter til nettbaserte forhandsvisninger av skrifter til bruk på nett. Eindel av desse har eg allereie nemnt i tidlegare innlegg, men man kan vel aldri få nok?

Valg av font til bruk på nett

Når me er inne på vevdesign, kan eg nemne at User Agent Man, eller Zoltan Hawryluk som han eigentleg heiter, har skrive eit par artiklar (her er faktisk ein til) om og bruk av font-face i vevdesign. Grei lesning!

Få teksten til å snakke

MyInkBlog har også lyst å ta del i snakket om skrifter på nett. Dei dreg den såpass langt at dei skal få typografien til å snakke med deg. Nysgjerrig? Stikk innom bloggen og les om magien her!

Eldst på typografistamma…

Litt ordleik der, men det passar vel når man skal introdusere nettsida Woodtyper, ei side som er dedikert til skrifttyper satt i treverk. Det er jo frå Gutenbergs tresetteri vår tids digitale skrifttypar slektar frå, så det er kjekt å sjå at nokon tek vare på denne tradisjonen og ikkje lar den gå i gløymeboka!

tÿpøgrafika

Erik Brandt verkar som ein ganske så kreativt type. Det kan vere grunnen til at han ikkje berre driv bloggen og foretaket tÿpøgrafika som viser mykje av arbeidet hans (mest typografisk innhald), men også bloggen Geotypografika der han presenterer mykje snacks for augo. I tillegg underviser han i visuell kommunikasjon. Om ikkje eg er heilt ute å køyre på min ungdomsskule-tysk så driv han også å baker, men eg kan ta feil.

Gratis skrifter er jo alltid ein slager!

Type Together er så gavmilde at dei for tida tilbyr den flotte skrifta Adelle Bold / Italic heilt gratis. Du må rett nok registrere deg på sida, men det skal jo ikkje vere store hindringen med tanke på kva du kan få her. Usikker på kor lenge dei er snille, så her bør du kanskje vere snart ute!

Har du ikkje fått nok?

Eg kunne sikkert ha skrive eit ganske så mykje lengre innlegg om typografi, men klokka på veggen har diverre ikkje ein pauseknapp. Om du fortsatt er i typografimodus og ikkje heilt vil ut av den endå, råder eg deg til å sjekke ut lista over typografinettstader hjå Inspired Magazine. Enjoy!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.