Kva skjer i Bergen, folkens? Pt. 2

Eg har budd i Bergen i åtte år, og teke meg den friheita å køyre med bil til jobb fire gongar. Fire av rundt rekna 1840 moglege gongar (då er ferie- og høgtidsdagar trukke i frå). Korleis er statistikken til ein arbeidstakar i Bergen for tida? Eg berre undrar, sånn ut av det grå.

Eg har budd i Bergen i åtte år, og teke meg den friheita å køyre med bil til jobb fire gongar. Fire av rundt rekna 1840 moglege gongar (då er ferie- og høgtidsdagar trukke i frå). Korleis er statistikken til ein arbeidstakar i Bergen for tida? Eg berre undrar, sånn ut av det grå.

Eg har riktignok budd i nærleiken av sentrum (blant anna Danmarks plass, Fyllingsdalen og Grønnestølen), men det gjer nok garantert ein stor del av dei som likevel køyrer til jobben kva einaste bidige dag også. Førre gong eg stilte spørsmålet om kva som skjedde i Bergen var det for å få svar på kvifor mange av byens kjære kaféar gjekk konkurs. Denne gongen (utan samanlikning forøvrig) er det eit spørsmål som eg stiller til dei som køyrer bil til sentrum utan at dei treng det. Det handlar om luftkvaliteten og folks helse.

Kva? Er det dårleg luft i Bergen?

For ei veke sidan var luftkvaliteten i Bergen så dårleg at dei måtte iverksette tiltak for å betre den. Dette var sjølvsagt hastevedtak, men det såg ut til å virke. Eg tenkte for meg sjølv at det jammen meg var på tide at dei gjorde noko med trafikken i sentrum, men trist å sjå at det skal måtte vere langt over kritisk nivå før det vart gjort noko som helst. Dei har jo tross alt snakka om dette ganske lenge. Endå meir trist er det å sjå at berre etter ei helg med betring av kvaliteten var det på an att måndag morgon med køar så langt auga kunne sjå. Dette fører sjølvsagt til dårlegare luft, noko som målingane i dag viser. Bryr ikkje folk i Bergen seg om helsa til folk?

Slapper du av når du står og stampar i kø?

Eg skjønnar godt dei som skal levere ungar i barnehage, for så å reise ei ukurrant rute til jobb. Dei som kan gå eit par hundre meter frå heimen sin, ta ein direktebuss til sentrum og spasere til jobben, men som likevel tek bilen (som oftast åleine) stiller eg meg totalt uforståande til. Sjølv betalte eg kring 620,- (vertfall i 2009) for å kunne ta bussen til/frå jobben og til alle andre plassar eg måtte ynskje å dra kvar månad. Det er inklusiv helgedagane.

Samstundes som eg spara miljøet for unødvendige utslepp av giftgassar, fekk eg slappa før og etter jobb. No når byrådet endeleg har bestemt at det hastetiltaket med sambruksfelt inn mot bykjernen skal oppretthaldast slepp du unna dei lange bilkøane, og kome deg raskare til jobb. Det gøyaste eg visste var faktisk å sjå alle som sat åleine i bilen sin i kø og såg tusenlappane for kjøp av drivstoff flyge opp til giftskya.

Så, kva tenkjer du som køyrer bil kvar dag til jobb i Bergen sentrum? Er det ikkje kjekt å vite at du hjelper miljøet, sparer pengar OG kanskje sparer tid på å ta bussen? Eller tek eg feil?

4 Comments

«noko som målingane i dag viser»-linken din er dau :)

Videre er jeg helt enig i at de var for kjapt ute med å fjerne tiltakene. Selv nå, hvor det er rimelig varmt ute (sammenliknet med forrige uke), så er NO2-nivået «gult», og vil bli «orange»/«rødt» skal vi tro analysene. Mon tro hvordan det hadde vært om det hadde vært vesentlig kaldere?

Lenkja er fiksa. Desse hypertext-greiene sneik seg inn to gongar. Fy skam…
Hadde det vore kaldare vil eg tru at luftkvaliteten hadde vore tilnærma lik førre veke. Kaldt eller ikkje: Utsleppa er diverre akkurat dei same!

Er ganske enig med deg Espen.
Det er mye man kan si om biltrafikken osv. Men jeg tror man kan gjøre andre tiltak som ikke trenger å berører bilister.
Jeg har no brukt å busse siden jeg vet at jeg skal jobbe i byn og 90% sikker å dra hjem igjen. Jeg sparer mye peng og det går ikke så mye seinere.

Som du sier så skjønner jeg ikke at flere ikke tar bussen i disse dager. Det kan jo ikke være så mangen som må kjøre barn til barnehagen :)

Eg framstiller kanskje saka litt feil, og tråkker mogleg litt for mykje på bilistane, men det måtte til for å få fram poenget med å reise meir kollektivt om man kan. Noko blant andre du har gjort. Flotters, Shelton!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.