Kva skjer i Bergen, folkens? Pt. 2

Eg har budd i Bergen i åtte år, og teke meg den fri­hei­ta å køyre med bil til jobb fire gongar. Fire av rundt rek­na 1840 moglege gongar (då er ferie- og høgtids­da­gar trukke i frå). Kor­leis er sta­tis­tikken til ein arbei­d­stakar i Bergen for tida? Eg berre undrar, sånn ut av det grå.

Eg har rik­tig­nok budd i nær­leiken av sen­trum (blant anna Dan­marks plass, Fyllings­dalen og Grønnestølen), men det gjer nok garan­tert ein stor del av dei som likev­el køyr­er til jobben kva einaste bidi­ge dag også. Førre gong eg stilte spørsmålet om kva som skjed­de i Bergen var det for å få svar på kvi­for mange av byens kjære kaféar gjekk konkurs. Denne gongen (utan saman­likn­ing forøvrig) er det eit spørsmål som eg stiller til dei som køyr­er bil til sen­trum utan at dei treng det. Det hand­lar om luftk­valiteten og folks helse.

Kva? Er det dårleg luft i Bergen?

For ei veke sidan var luftk­valiteten i Bergen så dår­leg at dei måtte iverk­sette tiltak for å betre den. Dette var sjølvsagt hasteved­tak, men det såg ut til å virke. Eg tenk­te for meg sjølv at det jam­men meg var på tide at dei gjorde noko med trafikken i sen­trum, men trist å sjå at det skal måtte vere langt over kri­tisk nivå før det vart gjort noko som helst. Dei har jo tross alt snakka om dette ganske lenge. Endå meir trist er det å sjå at berre etter ei helg med betring av kvaliteten var det på an att måndag mor­gon med køar så langt auga kunne sjå. Dette før­er sjølvsagt til dår­legare luft, noko som målin­gane i dag vis­er. Bryr ikkje folk i Bergen seg om hel­sa til folk?

Slapper du av når du står og stampar i kø?

Eg skjøn­nar godt dei som skal levere ungar i barne­hage, for så å reise ei ukur­rant rute til jobb. Dei som kan gå eit par hun­dre meter frå heimen sin, ta ein direk­te­buss til sen­trum og spasere til jobben, men som likev­el tek bilen (som oftast åleine) stiller eg meg totalt uforståande til. Sjølv betalte eg kring 620,- (vert­fall i 2009) for å kunne ta bussen til/frå jobben og til alle andre plas­sar eg måtte ynskje å dra kvar månad. Det er inklu­siv helgeda­gane.

Sam­stun­des som eg spara miljøet for unød­vendi­ge utslepp av gift­gas­sar, fekk eg slap­pa før og etter jobb. No når byrådet ende­leg har bestemt at det hastetil­taket med sam­bruks­felt inn mot byk­jer­nen skal oppret­thal­dast slepp du unna dei lange bilkøane, og kome deg raskare til jobb. Det gøyaste eg vis­ste var fak­tisk å sjå alle som sat åleine i bilen sin i kø og såg tusen­lap­pane for kjøp av dri­vstoff fly­ge opp til gift­skya.

Så, kva tenkjer du som køyr­er bil kvar dag til jobb i Bergen sen­trum? Er det ikkje kjekt å vite at du hjelper miljøet, spar­er pen­gar OG kan­skje spar­er tid på å ta bussen? Eller tek eg feil?