«Oppsumering» er eit kjedeleg ord

Eg kan ikkje seie det same om året som no er gått. Eg trur sjeldan at eit menneske får oppleve så mykje godt som eg har dette siste året. I tillegg til å ha vorten kjent med mange nye fjes, har eg feira mitt første kvartal av eit århundre, gifta meg med ei prinsesse, flytta tilbake til Stord, fått ny jobb, nytt hus og skifta ut MINI Jack med ein Volvo V70.

Eg kan ikkje seie det same om året som no er gått. Eg trur sjeldan at eit menneske får oppleve så mykje godt som eg har dette siste året. I tillegg til å ha vorten kjent med mange nye fjes, har eg feira mitt første kvartal av eit århundre, gifta meg med ei prinsesse, flytta tilbake til Stord, fått ny jobb, nytt hus og skifta ut MINI Jack med ein Volvo V70.

Her kjem mitt forsøk på å oppsummere året 2009:

Prinsessa og Oskeladden

Bryllaupskyss

Den 27. juni vart to til eitt i det som mange kallar «århundrets» bryllaup. Renate og eg gifta oss i Eid kyrkje på Halsnøy, med nærare 200 gjestar og 30 grader i skuggen. Ein fantastisk dag! I anledning bryllaupet oppretta me ein eige nettstad der gjestar og andre nysgjerrige kunne få informasjon og lese om planleggjinga. Bileter og informasjon om bryllaupet kan du finna her.

Påfyll av kunnskap

Oktan Alfa

Etter åtte år som mediegrafikar hjå Bodoni i byen mellom dei sju fjell, vart det påfyll av ny kunnskap i reklamebyrået Oktan på fødestaden min Stord. Sjølvsagt var det litt vemodig å forlate byen og Bodoni, men eg var klar for å prøve noko nytt. Må innrømme at man kan verta litt lei av å produsere bussruter…

Frå by til bygd!

Huset vårt

Som nemnt har madammen og eg vendt nasa sørover og flytta heimover att og hamna på Stord. Etter eit halvt år med aktiv leiting og budrundar som ikkje likna grisen, fekk me i haust endeleg tilslaget på ein fantastisk utsiktsbustad på Horneland. Sidan me overtok det i slutten av september har det pågått oppussing med fantastisk hjelp frå familie og venner frå fjernt og nær. Oppussinga kan du følge med på frå nettsida vår.

Det har vore deileg å oppradere frå berre 27 kvm i Bergen til 1400 kvm eigedom og nesten 200 kvm hus på Stord!

Spelegalskap

Skriftene mine er tydlegvis populære, vertfall om eg les telleverket til dafont.com riktig: 232 914 nedlastingar av dei skriftene eg har liggande der.

I tillegg ser det ut som dei er ganske populære innan spelutviklingsbransjen. I april kom spelet «Mevo and the Grooveriders» ut, der to av mine skrifter vart brukt i menyane. I november skreiv eg om «Gangstar: West Coast Hustle» som også hadde nytta ei av mine skrifter i grafikken. Ganske kjekt for ein hobbyskriftdesigner frå ei lita øy i litle Noreg!

Så over til andre nyhende…

Av mindre personlege ting pågjekk det ein dugnad for å fjerne IE 6 frå folks maskiner, Mini/MINI feira sine 50 fyrste år på vegen og det har vore stortingsval der Jens Stoltenberg fekk fire nye år på Løvebakken.

Min gode venn Google…

…lanserte Google Wave i år. Ein video på YouTube viser på ein god måte oppsummeringa på kva året 2009 har gitt og tatt:

Takk for dette, og ver så god neste!

Vil med dette takke for 2009 og ser fram til å fortsatt glede deg med nyttige og unyttige lenkjer i «Knask på ein fredag»-spalta mi! Godt nytt år alle saman!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.