iPhone.AppStorm

Hadde eg følgd betre med på lanseringsdatoar, hadde nok den nye nettstaden til Envato/AppStorm-nettverket vore med i julekalenderen min. Betre «seint» enn aldri!

Hadde eg følgd betre med på lanseringsdatoar, hadde nok den nye nettstaden til Envato/AppStorm-nettverket vore med i julekalenderen min. Betre «seint» enn aldri!

22. desember lanserte dei nemleg iPhone.AppStorm, ein nettstad med presentasjonar av applikasjonar til iPhone. Frå før av har dei nettstader som er retta mot applikasjoner og anna relatert til Mac og veven.

Dashboard

Sidan AppStorm no byrjar å verta eit større nettverk har dei også lansert ein «Dashboard»-nettstad der du kan sjå kva det siste dei har skrive om på dei forskjellige sidene er. Fiffig!

Kva vert det neste? Kanskje Android får sin eigen AppStorm-side? Eg kjem nok til å informere om det også skal du nok sjå!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.