Knask på ein fredag: Desember

Julegåvene er vel fortært i ivrige og spente hen­der, mat­en frå julekvelden ligg fort­satt godt i magen, jule­fre­den byr­jar å synke inn og julenis­sen takkar for seg. Det er årets siste fredag og siste «Knask på ein fredag» i 2009 er klar til å ta i mot di dig­i­tale leselyst!

Sjølvsagt kan eg fikse alt!

There I Fixed It

Denne sida er rett og slett genial i sin enkel­het. På There, I Fixed It kan du sjå og lese om meir eller min­dre gode løysin­gar på kor­leis ein skal fikse øyde­lagde ting og tang (via Christof­fer).

Klipp og Lim

Klipp og Lim

Kan vel diskuterast om det er eit heldig eller min­dre heldig val av namn på kom­mu­nikasjons­byrået Klipp og Lim som held til Trond­heim, men nettsi­da deira er i alle fall fin å sjå på. Sida er også els­ka av CSS­cake.

I all enkelhet

I all enkelhet

I all enkel­het er firmabloggen til Netlife Research og gjer deg artik­ler om bruk­er­vennlegheit. Blant anna kan du lese at i eit nettskje­ma er det nok med berre ein knapp for å lede brukaren gjen­nom. Om det ikkje er inter­es­sant nok, kan du jo alltids få råd frå Eyvind Hell­strøm

SLV

SLV står for Sound, Light og Vision, og der­som min bel­giske-engel­sk ikkje er heilt ute å køyr­er er dette eit fir­ma som leiger ut lyd-, lys og vis­ning­sut­styr. Språkkunnska­pa mine satt til side: Denne nettstaden er vel gjen­nom­ført!

Full fest!

Kva skjer i Uggabush når dyr spis forder­va frukt? Videoen under fork­lar­er det tyd­leg nok vil eg tru…

Ikon/piktogram

Eg avs­lut­tar tradis­jo­nen tru årets siste «Knask på ein fredag»-spalte med eit par lenkjer til ikon og pik­togram. Enjoy!

God helg! Sjåast i 2010!