Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Luke 23: Dropbox

Lei av å måtte føre alt over på minnepennen for å ta med deg filer frå ei maskin til ein annan, eller ynskjer å synkronisere filer på ein god måte? Løysinga ligg bak luke 23.

Lei av å måtte føre alt over på minnepennen for å ta med deg filer frå ei maskin til ein annan, eller ynskjer å synkronisere filer på ein god måte? Løysinga ligg bak luke 23.

Dropbox er genial i sin enkelheit: Du opprettar ein konto på nettet, installerer eit innstikk (plugin) på maskina di og vips så har du tilgong til filene dine kor du enn måtte befinne deg i verda. Kvar gong du lagrar eller endrar filer i ei gitt mappe, oppdaterar den seg automatisk til nettet.

Har du i tillegg installert denne funksjonen på to maskiner og kobla dei opp mot same konto, er fila oppdatert neste gong du går på nett med den maskina også. I tillegg kan du invitere og dele mapper med andre. Eg har nytta denne tenesta, dagleg og kan anbefale det på det sterkaste!

Summary in english:


2 ytringar

  1. Gløymde å nemne at du kan få opptil 1 gb (maks 3 gb total plass med gratis konto) eindel ekstra lagringskapasitet dersom du gjennomfører eit par enkle steg!

    Espen
    onsdag 23. desember 2009, 12.56 · Permalenkje
  2. På ubuntu 9.10 følger det med innebygd «Ubuntu One», som egentlig er noe lignende som Dropbox – cloud computing som det heter. Du får 2gb lagringsplass gratis, eller 50gb om du betaler $10/mnd.

    Har ikke brukt det så mye enda, men tenker å bruke det mer på nyåret, i tjueti.

    ThomasLG
    tysdag 29. desember 2009, 12.29 · Permalenkje

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional