Espen M. Kvalheims forundringar i eit eggeskall

Luke 21: Photoshop i lomma

Photoshop for iPhone

Om du er ein designer, eller veldig oppteken av fotografering, har du vel vore borti Photoshop før. Har du lyst å ha det på mobilen også? Då skal du ta ein kikk bak luke 21.

No kan du nemleg laste ned Photoshop for iPhone, Android og Windows Mobile-baserte einheitar, og det heilt gratis. Om du forventer å finne alle effektane, lagredigering og alle dei andre fantastiske funksjonane i datamaskinutgåva av programmet, må eg nok skuffe deg. Men enkel fargejustering, litt effekter, cropping og rotering er godt nok for dei fleste, vertfall når det er snakk om ein mobiltelefon.

Eg har testa dette, og det funkar faktisk overraskande bra. Har du i tillegg ein konto hjå Photoshop.com kan du også lagre til den og dele bileta via dine album der.

Publisert


Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.


v 10 · 2002–2010
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan man få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional