Eit bilete seier faktisk meir enn tusen ord

Dave Hill - Adventure

Sidan eg ikkje veit kor­leis eg skal intro­dusere dette inn­legget, over­later eg det til biletet over og fotografane eg i dag pre­sen­ter­er. Dette er flinke folk!

Rodney Smith

Rodney Smith

Rod­ney Smith er ein amerikan­sk fotograf med ein heilt spe­siell stil på bile­ta sine. Eg vil seie den er klas­sisk, avansert enkel og med ein grei dose humor. Mange av bile­ta er lik­som litt «Jaha, er det der mog­leg?». Etter hans midtlivskrise då han var 28 år, ser han kun fil­mar siom er pro­dusert før 1947.

Man­nen har også gjeve ut mengder med bøk­er med meir eller min­dre fotografisk innhald. Den siste har han kalla «The End». Den er trykt opp i kun 100 eksem­plarar og er sign­ert av Rod­ney Smith, og har ein fan­tastisk pris på $750… Tross prisen, er nok boka verdt å ha i bokhyl­la for dei som er inter­essert nok.

Dave Hill

Dave Hill

Nettsi­da til Dave Hill er ein skatt. Man­nen frå San Diego klarte å få meg til å sitte i over ein halv time foran skjer­men for å sjå på hans fan­tastiske bileter (som for det meste er HDR). I til­legg har han lagt ut videoar som vis­er kor­leis han job­bar for å få det uttrykket han ynskjer og kva arbeid som ligg bak mange av bile­ta.

Om du ikkje får nok av bile­ta og materiel­let som han pre­sen­ter­ar på sida si, då er bloggen hans verdt ein kikk! Betre bileter i ein blogg skal man leite lenge etter. Eg seier berre: LENGE!

Vee Speers

Vee Speers

Fann ikkje så myk­je bilete på aus­tralske Vee Speers si heime­side, men ho har ein serie med bileter av barn som ho kallar for «The Birth­day Par­ty». Man får nesten frys­ningar når man ser på dei, stilen er av typen «lita jente med kjole og håret i flet­ter med eit blikk som kan dreper».

M. Scott Whitson

Scott Whitson

M. Scott With­son har eit «mørkare» uttrykk enn Dave Hill. Hos denne karen finn du bileter med myk­je blod og gang­stere; dei fleste i HDR-kvalitet. Han voks opp i South Jer­sey og Philadel­phia noko som kan­skje kan ha hatt innvirkn­ing på net­topp dette. Gode bileter er det vert­fall!

Flickr

Historia Del Tiempo

Flickr bug­nar over av fan­tastiske bileter og dyk­tige fotogra­far. Mia Holte har skrive om nokre av dei som er verdt å få med seg. Enjoy!

Sjekk ellers ut kva bileter eg frå tid til annan legg ut på min Flickr-kon­to her. Ver merk­sam på at dei ikkje held same kvalitet som dei i resten av inn­legget…

God helg alle saman!