Er reklame ein uting?

Reklamebransjen og det dei kjem opp med kan oppfattast som både hardt, irriterande og unødvendig, men etter mi meining motseier eksempla som eg kjem med i dag dette ganske kraftig.

father

Reklamebransjen og det dei kjem opp med kan oppfattast som både hardt, irriterande og unødvendig, men etter mi meining motseier eksempla som eg kjem med i dag dette ganske kraftig.

Morosame annonser

Pepsi Light

Kreative folk og kreative idear er viktige i reklamebransjen. Det vises også att i utvalget Webdesigner Depot har plukka ut her.

Det finnes også mange gode TV-reklamer der ute, norske inkludert. Norsk Tipping sine er jo klassikarar å rekne. Under er ein frå Toyota. Ikkje den mest morosame, men likevel eit artig avbrekk i ein ellers kjedeleg reklamepause:

«Mørke» annonser

Ovam: Clean Environment

I tillegg til å presentere ei røys med morosame annonser, har også Webdesigner Depot ein artikkel som omfattar litt «mørkare» annonsering. Sjå sjølv!

Kutt røyken

Stop Smoking

Det er vel mange av dei som ynskjer å stumpe røyken for godt, og kampanjane på kor farleg det er florerer der ute. Behance Network har lagt til ein serie med artige «Stump røyken»-kampanje. Verdt ein kikk!

Klassiske amerikanske annonser

Pepsi Golf

Kanskje litt overkant av Pepsi-reklame her, men la oss ikkje henge oss opp i småting. Dessutan drikk eg aldri Pepsi eller brus generelt… Poenget er at dei ser ut til å kunne lage gode reklameannonser/-plakater på 1950-talet også. WordPress Arena har samla 50 av dei slik at me kan verta inspirert. Om du vil sjå meir 50-tals grafikk/materiell, kan dei også anbefale nettstedet Plan 59.

Å ha trua på reklame…

Stihl: 3 Year Guarantee

I Believe in Advertising trur eg har nemnt for deg før, men det er ei side som er verdt å nemne igjen. Her finn du ein salig samling av gode annonser, TV-reklamer og andre kommunikasjonsmessigheitar. Sikkert eit nytt ord det siste der, men hos meg er alt lov.

4 Comments

Meinar slike bilreklamer er eit lass betre enn der du ser bilane danse gjennom gatene (ref. Qashqai/Nissan).
Gøy når dei gjer det litle ekstra generelt sett!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.