the unborn chikken

v9 · laboratoriumis

Knask på ein fredag: Oktober

Angrehalsband

At det ikkje er så mykje knask på tapetet mitt i dag har ikkje noko med at det vert mindre og mindre å vise fram frå nettet, men heller det at eg ikkje heilt har hatt tid til å sufte på dei store Internettbøgjene siste månaden…

Osloposters

Osloposters

Osloposters er ein facinerande nettstad som presenterar ein stor del av alle plakater som henger rundt om kring i Oslo sine gater. Inspirert av Jarr Geerligs sin fotostrøm på flickr. Fiffig! Kjem det ein for Bergen? Eller Stord? Me kan berre vente i spenning!

Grafix Studio

Grafix Studio

Antonio Riveras driv dette studioet mutters aleine, men ser du på hans portefølje kan det virke ut til at han klarer det aldeles strålande! Ein mann med gode kunnskapar innan vevdesign og illustrasjon.

atebits

atebits

I tillegg til å sjå bra ut, inneheld nettsida til atebits godsaker for deg med Mac og iPhone. Du finn blant anna den populære Twitter-applikasjonen Tweetie her.

GigPress

GigPress

GigPress er no nyleg (29. september) lansert i utgåve 2.0, og i den anledning har Derek Hogue også fått eit feiande flott og nytt design til nettstaden. GigPress er eit innstikk til WordPress som kan nyttast som ein hendingsoversikt for både artister og andre organisasjonar. Eg har bidrege med norsk oversetting.

På tampen…

Sidan eg i dag presenterer minimalt med knask, anbefalar eg deg å besøke Webdesigner Depot sin oversikt over 100 nettstader med illustrasjon som hovudelement før du tek helg!

Share

Merker: , , , , , , , , ,

Legg attende ein kommentar

Vilkårleg lenkje

Under vil eg poste kjekke, nyttige, morosame, ja i det heile tatt lenkjer som kan verta gøy å ha vorten minnast på om:

Web Designer Wall
Ein vegg av designer-ideer, nett-trender og veiledningar.
www.ndesign-studio.com
v9.96 · Espen M. Kvalheim, 2002-2010 · Drive av WordPress. PS: Ikkje stjel, du kan få kviser.
Tufta på validerande xHTML Strict · RSS