Design/​typografi vs. miljø

Eco green

Det har aldri før vore så mykje fokus på at alt rundt oss som vert produsert og bygd skal ha ein viss miljø­venleg side ved seg. I dag er det «Blog Action Day» og eg vil difor setja eit lite fokus på kva desig­narar gjer for saka.

Den miljø­venlege skrifta

Ecofont

Ecofont er genial i sin enkelhet. Den er basert på Vera Sans og er rett og slett gjennomhola for å spare miljøet. Slik kan du eller di bedrift spare opptil 20 % på blekk og papir. Fiffig.

Miljøvenleg design

Kreativt gjenbruk

Bømlo Vidaregåande skule (tidlegare Olavskulen) har ei linje der dei forku­serar på at det er mykje som kan nyttast om igjen av dei 1,67 millioner tonna med hushold­nings­avfall me kastar årleg.

Kva med vevdesign, er det miljø­venleg?

Om datama­skina di er ny og ikkje inneheld for mykje miljø­farlege kompo­nentar, og du i tillegg får strøm frå solceller eller ei vindmølle, er nok kva som helst nettside miljø­venleg. Ein annan ting er korleis dei er designa og presentert. EcoIron har ein artikkel frå 2007 som meinar at om Google hadde skifta frå kvit til svart bakgrunns­farge på sida si, ville det på verds­basis spart miljøet for 750Mw-timer i året. I den forbin­delse vart det laga ein farge­palett på seks fargar som brukar 3-4 watt meir enn ei heilt svart nettside. Dette er vel og merke på gamle CRT-skjermar, men reknar med at det har eit visst utslag for nye LCD-skjermar også.

Under er eksempler på nettstader som som set vertfall to ting i førar­setet, nemleg rein kode og design.

Studio 7 Designs

Studio 7 Designs

Stikk til skogs!

Go Clamping

Go Clamping er rett og slett ei nettside som hjelper deg gjennom jungelen av telt, karavaner og andre camping-relaterte produkt.

Russisk blomster

Hrasti

Russisk familie­firma som lever av å produsere og selje dekorative blomster frå eit rikt artsmangfold. Trur eg. Min russiske er heller dårleg.

53mondays

53mondays

53mondays driv med økologisk vevdesign. Dei har ei liste over ting som dei skal gjennomføre for å oppnå målet om å vere miljø­venleg på design. Blant anna at det ikkje skal skrivast ut eit einaste papir i prosessen med å designe ein ny nettstad.

Kva eg har gjort for miljøet?

Vel, eg pleier sjeldan å skrive ut e-postar og eg likar å skissere diverse design på papir før eg skrur på datama­skina. Ellers sorterar eg alt mitt avfall som alle andre her på øya. Eg er rett og slett ein flinke  og miljø­venleg gut! Flaks!

Kva har du gjort for miljøet?

Anten det er innan vev, design eller andre områder har me vel alle ei lita miljø­spa­ring­tenking. Nemn gjerne kva du gjer i kommen­tar­feltet!

  • For ca 10 år siden drev vi (gutta) med gjenbruk på høyt nivå! Vi saumfarte IBM’s containere på Kråkenes for alskens dilldall. Vi likte oss godt på gjenbruks­sta­sjonen også. Gutterommene våre fløt over av delvis defekte datama­skiner og kompo­nenter som vi satt sammen til funge­rende maskiner. Vi plukket opp hundrevis av disketter og om vi var heldig; en og annen CD. ...for å nevne noe.

    Det mest miljø­vennlige jeg har gjort innenfor dataver­denen i dag, er å kjøpe maskiner fra Apple. De holder mye lengre enn en gjennom­snittlig window­smaskin, noe som naturlig nok begrenser mengden søppel og hyppig­heten av nye kjøp.

    De har også skjerpet seg på hvilke miljø­st­offer de har i maskinene, og satt i gang et eget retur­ne­ringsopplegg for gamle maskiner.

    Dagens apple-reklame :)

  • Sjølv var eg ikkje på gjenbruks­sta­sjonen, men etter­kvart som eg, bror min og naboen fekk huke tak i gamle maskiner gjorde me det same som du nemner over. Klarte me å få ei maskin som var 1 % raskare og hadde ein harddisk på 3 mb meir enn den gamle me hadde ståande, var me nøgde med dagens arbeid :D

    Ein Mac er jo høgt på mi liste over ting eg har lyst på, men min fem år gamle HP-laptop durer og går like godt fortsatt. «Helsa» dens har kanskje samanheng med at eg sit på ein Mac på arbeids­splassen min. Det er som dei seier: An apple a day keeps the Doctor away...

  • mia

    Vel, jeg kjører ikke bil, jeg jobber hjemmefra og overfører det aller meste av infor­masjon digitalt!

    Hvor miljø­vennlige duppe­dingsene mine er, er en annen sak! Etter å ha sett litt på dokumen­taren om mobil­pro­duk­sjonen i bla Kongo (eller mineral­ut­vinning) har jeg stygge anelser om at pc’en min, mobilen min, skriveren og alle de andre dingsene jeg er avhengig av ikke akkurat er helt «etter boka».

    Uh, og jeg drikkr etisk kaffe og appel­sin­juice! (miljø og etikk går litt i hverandre for meg...)

  • mia

    å ja, en Apple er nok mer miljø­vennlig enn en gjennom­snit­telig pc ja...

  • Kva er etisk kaffi? Er det kaffi produsert på kaffifarmer som vert drivne etter etiske retnings­linjer? Ser Friele har satser på dette, men det stod ingenting nyttig i den artik­kelen. Nytt for meg...

    Hold deg unna bil så lenge du klarer, men for meg så er det praktisk når man har lengre avstander til ting og driv med oppussing av hus. Når me er inne på hus: Me nyttar det av materialane som er brukandes om att i huset, og noko av møble­mentet er skikkeleg snasent! Eg simpelthen elskar skrive­pulten som stod att der :D

  • mia

    Når jeg sier etisk, så mener jeg feks retnings­linjene Fairtrade jobber opp mot. Garantert minstepris til bøndene og arbei­derne, og at en viss sum av overskuddet skal gå tilbake til arbei­derne. Dette overskuddet skal brukes til å forbedre arbeids­vil­kårne for arbei­derne, og dette skal arbei­derne selv være med å bestemme over.

    Drikker disse;
    http://www.farmers.no/
    og denne;
    http://dinmat.aftenposten.no/var/ezwebin_site/storage/images/media/images/farmers/544276-1-nor-NO/farmers_vertical.jpg

  • mia

    ble veldig mye bruk av «arbeidere», håper ingen norsk­lærere ser dette! :D

  • Ah, skjønner. Då lærte eg noko nytt i dag også!