Konsentrasjon kring søk og typografi

Det dukkar stadig opp niftige applikasjonar på nettet (nedlastbare eller online) som gjer kvardagen enklare og meir produktiv. Spezify, Concentrate og Typedia er tre slike applikasjonar, men på kvar sin unike måte.

Applikasjoner

Det dukkar stadig opp niftige applikasjonar på nettet (nedlastbare eller online) som gjer kvardagen enklare og meir produktiv. Spezify, Concentrate og Typedia er tre slike applikasjonar, men på kvar sin unike måte.

Spezify

Spezify

Dette er eigentleg ein søkjemotor, men i forhold til f.eks. Google er Spezify mykje meir visuell. Resultata som dukkar opp etter søk er små snuttar av informasjon i form av ei overskrift og brødtekst og reine biletfiler. Når du trykker på resultata får du informasjon om kvar resultatet er henta frå og større utgåve av f.eks bileter Spezify finn.

Concentrate

Concentrate

Concentrate er ein grei liten applikasjon som skal få deg til å konsentrere deg om arbeidet ditt. Du kan stille den inn til å opne/stenge programmer, nettsider eller skifte skrivebordsbakgrunn utan nemneverdig innsats frå di side. Om du har ein lei tendens til å gå inn på sider som Facebook, YouTube eller andre sider som ikkje akkurat får deg til å konsentrere deg om arbeidet, kan du via Concentrate blokkere tilgongen til desse sidene. Om dette i praktisk er ein bra greie, eller gagnar til frustrasjon er usikkert, men eg meinar at det kanskje har ein grunnstein som eg meiner kan funke. Dei av dykk som sit på Windows må belage dykk på at konsentrasjonen må haldast i sjakk manuelt, Concentrate finnes per i dag kun til dei som har ein Mac.

Typekit

Typekit

Typekit er foreløpig berre tilgjengeleg for registrerte og inviterte, noko ala måten man får prøvd Spotify. Så til poenget. Denne tenesta er genial om du driv med vevdesign og f.eks. ynskjer ei spesiell skrift i overskrifter. Du kan seie at tenesta erstattar bileterstatsningsdingsebomsar av typen sIFR og cúfon som begge kan vere litt uhandterlege, litt knot med å installere og tunge i bruk. For å få Typekit til å fungere trengs kun to linjer med kode inn, og litt leiting i deira store skriftbibliotek. Du får eit mindre utvalg ved gratis prøvebruk, men det vert større og større til meir du betalar.

Eg har fem invitasjonar om nokre vil ha det, sjølv om eg trur det kanskje er likegreitt å berre skrive inn e-posten sin på sida og vente på at du kan logge deg inn. For meg tok det tre veker.

4 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.