Knask på ein fredag: September

Roser er raude, fioler er blå og siste fredagen denne månaden inneheld mange fargerike knask så små… Til tross for huskjøp, flytting og andre udigitale hendingar har eg med militær presisjon likevel klart å samle saman litt fredagsknask denne fredagen også.

Bubba fredag

Roser er raude, fioler er blå og siste fredagen denne månaden inneheld mange fargerike knask så små… Til tross for huskjøp, flytting og andre udigitale hendingar har eg med militær presisjon likevel klart å samle saman litt fredagsknask denne fredagen også.

Det var eingong…

Internett er tydlegvis ei utømeleg kjelde til daglege gode visuelle inntrykk, frå tips til korleis du kan oppføre deg på arbeidsplassen til korleis du skal ta deg ut på twitter. Siste månaden har det ikkje vore noko unnateke:

Ver heidundrandes fantastisk på jobben!

Work Awesome

Om folk syns eg promoterar Envato foran mange andre større «nettsamfunn», kan det stemme. Grunnen er vel fordi dei produserer og lanserer gode og nevenyttige nettsider. Denne gang er det nyfødte Work Awesome som står på plakaten. Det er rett og slett ei side for dei som ynskjer å vere heidundrandes fantastisk på arbeidsplassen sin.

Kven meiner gorillaer ikkje kan design?

Incognita Inc

Incognito Inc er eit reklamebyrå satt saman av fleire kreative frå andre reklamebyrå. Dette for å skaffe deg som kunde den beste kunnskapen til ditt prosjekt. Litt klipp og lim med den teksten der, men dei frontar vertfall seg sjølv med gorillaer!

Glade surfarar

Happy Webbies

Happy Webbies inneheld ei samling av nedlastbare skrivebordsbakgrunnar av forskjellige kreative mennesker – i teikneserieutførelse. Det er firmaet nGen Works som står bak dette, og du kan finne dei att på nettstaden deira. Om du føler du ikkje får nok ut av ein skrivebordsbakgrunn, har du også valet å bestille t-skjorter med trykk på også. Fritt fram!

Tre herrar med bart

mo'stash

Mo’stash er eit firma beståande av tre herremenn som rett og slett har tatt på seg oppgåva med å lære opp oss vanleg dødelege innanfor feltet kommunikasjon på twitter. Verken meir eller mindre!

Fargerik media

MediaFront

MediaFront er eit norsk reklamebyrå stasjonert i tigerstaden, Oslo, som har ein ganske så fin måte å vise portefølja på. Dei har sitt hovudområde innan kampanjer og vevdesign, og viser portefølja deretter. Utifrå kva tema og farge prosjekta har skiftar den farge etter kva vert vist. Snasent!

Litt-av-alt-det-beste-magasinet

The Swish Life

The Swish Life er eit nettmagasin som dekkjar over det meste som er i eins livsstil. Det kan vere bil, mote, kunst, arkitektur og dingser – på ein plass. I tillegg til alt dette, er nettstaden ein fryd for augo når det kjem til presentasjon og design!

Det virka ut som ein god ide på papiret…

Ironic Sans

Det er ganske ofte gode idéar frå ei idémyldring forblir på papiret som berre ein god idé, og ikkje kjem ut i virkning. David Friedman skriv mykje om lite og lite om mykje på bloggen sin, primært om ting som fell i akkurat den kategorien. Bloggen hans er namngjeven etter idéen om å lage ei antikva (serif) skrift kalla for Ironic Sans, men som til dags dato har vorten kun ein god idé. Når han ikkje skriv, tek han ein god del fine bilete av mennesker. Det er verdt å nemne.

Ekstra knask

Det er fredag, og det betyr at den ikkje kan gå hus forbi utan at eg har eit par ikoner på lur. I tillegg har eg slengt med litt symboler og brusher. Bon Appetit!

Ikoner/symboler

Brusher

Master the Internet

For å følgje opp videoen frå førre fredagsknask, kan eg her presentere ein opplæringsvideo for dei som ikkje har kjennskap til internettet.

Sånn heilt til slutt…

Til dei som måtte lure på kvifor eg har brukt Bubba som illustrasjonsbilete på dette innlegget, så er det berre fordi eg då kunne skrive «militær presisjon» i ingressen. Smalt, men ok.

Until next time: Enjoy!

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.