Ost og typografi

For dei som er over gjennomsnittet interessert i skrifter er det mykje spanande å finna i både nye og gamle typografibøker. Desse kostar diverre som oftast litt småpeng i innkjøp. Heldigvis ligg det mykje tilgjengeleg snacks og typografikjelder på verdsveven den dag i dag – gratis! I dag har eg plukka ut ei lita handfull med saker som eg har bite meg merke i.

Typography 29

For dei som er over gjennomsnittet interessert i skrifter er det mykje spanande å finna i både nye og gamle typografibøker. Desse kostar diverre som oftast litt småpeng i innkjøp. Heldigvis ligg det mykje tilgjengeleg snacks og typografikjelder på verdsveven den dag i dag – gratis! I dag har eg plukka ut ei lita handfull med saker som eg har bite meg merke i.

Verdana og Georgia

Verdana og Georgia

Dei fleste (les: typografifolk) har vel fått med seg at IKEA har skifta skrift på deira nye møbelkatalog for 2010. Dette vart ikkje godt motteke, men no ser det ut til, i følgje same nettstad, ut til at dei kanskje ikkje tråkka så mykje i salaten likevel. Me kan no lese at dei «nettsikre» skriftene Verdana og Georgia skal få ein ansiktsløfting i 2010 for å tilpassa seg print- og trykkmarkedet. Artigt!

Typedia

Typedia

Du kan trygt seie at Typedia er typografiens Wikipedia. På denne nettstaden kan du søke etter og legge til informasjon om skrifter, få eit førehandsblikk på korleis dei forskjellige teikna i skrifta ser ut,  finne ut kor du kan få tak i den spesifikke skrifta og lese om dei forskjellige designarane som står bak dei. Eg har teke meg den friheita å leggje meg sjølv til på tenesta, og håpar fleire norske vil gjere det same!

The Typeface Identification

TypeID

Om du ser ein snasen plakat eller ein vegg med sirleg typografi og ynskjer å få vite kva skrifttype som er brukt? Ja, då er det berre å flekke opp kameraet ditt, laste opp biletet til gruppa The Typeface Identification på Flickr og spør medlemmane der.

Ost eller skrift?

Cheese or Font

Er du mett og interessert i typografi, eller berre interessert i ost? Føler du at du er inkludert i ei av dei to gruppene har eg funne det perfekte spelet for dykk! Cheese of Font er skaparverket til Tony Gambone og er rett og slett eit spel der du skal vurdere om namnet som kjem opp er namnet på ein ost eller ein skrifttype. Bon Appetit!

Typeorganism

Typeorganism

Denne nettstaden er verdt å få med seg! Sida inneheld ein serie av kommunikasjonseksperiment med typografi i spissen. Det er eigentleg ikkje noko meir å seie enn at du må inn og sjå sjølv.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.