Ost og typografi

Typography 29

For dei som er over gjen­nom­snit­tet inter­essert i skrifter er det myk­je spanande å finna i både nye og gam­le typografibøk­er. Desse kostar diverre som oftast litt småpeng i innkjøp. Heldigvis ligg det myk­je tilgjen­ge­leg snacks og typografik­jelder på verdsveven den dag i dag — gratis! I dag har eg pluk­ka ut ei lita hand­full med sak­er som eg har bite meg merke i.

Verdana og Georgia

Verdana og Georgia

Dei fleste (les: typografi­folk) har vel fått med seg at IKEA har skif­ta skrift på deira nye møbelkat­a­log for 2010. Dette vart ikkje godt mot­teke, men no ser det ut til, i føl­gje same nettstad, ut til at dei kan­skje ikkje tråk­ka så myk­je i salat­en likev­el. Me kan no lese at dei «nettsikre» skriftene Ver­dana og Geor­gia skal få ein ansik­t­sløft­ing i 2010 for å tilpas­sa seg print- og trykkmarkedet. Artigt!

Typedia

Typedia

Du kan trygt seie at Type­dia er typografiens Wikipedia. På denne nettstaden kan du søke etter og legge til infor­masjon om skrifter, få eit føre­hands­b­likk på kor­leis dei forskjel­lige teik­na i skrif­ta ser ut,  finne ut kor du kan få tak i den spe­si­fikke skrif­ta og lese om dei forskjel­lige des­ig­narane som står bak dei. Eg har teke meg den fri­hei­ta å leg­gje meg sjølv til på ten­es­ta, og håpar fleire norske vil gjere det same!

The Typeface Identification

TypeID

Om du ser ein snasen plakat eller ein vegg med sir­leg typografi og ynskjer å få vite kva skrift­type som er brukt? Ja, då er det berre å flekke opp kam­er­aet ditt, laste opp biletet til grup­pa The Type­face Iden­ti­fi­ca­tion på Flickr og spør medlem­mane der.

Ost eller skrift?

Cheese or Font

Er du mett og inter­essert i typografi, eller berre inter­essert i ost? Føler du at du er inklud­ert i ei av dei to grup­pene har eg funne det per­fek­te spelet for dykk! Cheese of Font er ska­parver­ket til Tony Gam­bone og er rett og slett eit spel der du skal vur­dere om nam­net som kjem opp er nam­net på ein ost eller ein skrift­type. Bon Appetit!

Typeorganism

Typeorganism

Denne nettstaden er verdt å få med seg! Sida inneheld ein serie av kom­mu­nikasjon­seksper­i­ment med typografi i spis­sen. Det er eigent­leg ikkje noko meir å seie enn at du må inn og sjå sjølv.