Til tross for agurktid i daglegpressa, er det ikkje snakk om slikt i avdelinga for knask som ligg ute på nettet. Forsyn deg med gratis skrifter, ikoner og anna snadder for augo og hjernen eg har funne i juli!
Evgeny Kiselev
Evgeny Kiselev er ein russisk illustratør som verkeleg kan sine saker, og har blant andre Billboard, Computer Arts og D&G på klientlista.
40+15 kreative designløysingar på visittkort
Creative Nerds har funne fram til 40 visittkortdesign som ikkje akkurat passar inn med resten av visittkorta du har fått rundtomkring. Om du ikkje like slike fancy kort, sjekk ut Web Design Ledger sitt innlegg med 15 meir minimalistiske visittkort…
Manipulert? Verkeleg?
Instant Shift har tatt ein oppsamling og kome fram til 80 fantastiske biletmanipuleringar som er vert å få med seg.
50 gode eksempler på informasjonsgrafikk
Francesco Mugnai har laga til ein oversikt over 50 ganske så gode eksempler på informasjonsgrafikk. Alt frå statistikk på kva du får i postkassa di, beste øl i USA, til oversikt over korleis vatnet frå toalettet går sin runddans og endar opp i glasset du drikk av…
Zion Graphics
Zion Graphics består av tre kreative hovuder og held til i Stockholm. Kundane deira er for det meste plateselskap/artistar, og dermed er mange av deira design platerelatert. Dei har også eindel logoarbeid som er verd å få med seg.
Lukeparkering skal ikkje vere lett
Gratis knask på tampen
Ikoner
- 13 New and Amazing Icon Sets…That Are Free!
- 108 Glossy Black Comment Bubble Social Networking Icons
- 200+ Free Exclusive Vector Icons: ‘Primo’
Skrifter
Til me snakkast att: Kos deg vidare med is i det ustabile veret. Eventuelt stikk innom Don’t even reply for ein livsforlengande latter!
2 Comments
Fin blogg :) Men hvorfor unbornchikken og ikke unbornchicken? Skriveleif eller et gjennomtenkt ordspill som jeg ikke skjønner?
Takker for det! «Unbornchikken» er henta fra teksten til songen «Paranoid Android» av gruppa Radiohead utifrå cover-heftet som fylgjde med albumet «OK Computer». Enkelt og greitt :D