Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Knask på ein fredag: Juli

Til tross for agurktid i daglegpressa, er det ikkje snakk om slikt i avdelinga for knask som ligg ute på nettet. Forsyn deg med gratis skrifter, ikoner og anna snadder for augo og hjernen eg har funne i juli!

Pick Ass

Til tross for agurktid i daglegpressa, er det ikkje snakk om slikt i avdelinga for knask som ligg ute på nettet. Forsyn deg med gratis skrifter, ikoner og anna snadder for augo og hjernen eg har funne i juli!

Evgeny Kiselev

Evgeny Kiselev

Evgeny Kiselev er ein russisk illustratør som verkeleg kan sine saker, og har blant andre Billboard, Computer Arts og D&G på klientlista.

40+15 kreative designløysingar på visittkort

Visittkort

Creative Nerds har funne fram til 40 visittkortdesign som ikkje akkurat passar inn med resten av visittkorta du har fått rundtomkring. Om du ikkje like slike fancy kort, sjekk ut Web Design Ledger sitt innlegg med 15 meir minimalistiske visittkort

Manipulert? Verkeleg?

eeopma-44

Instant Shift har tatt ein oppsamling og kome fram til 80 fantastiske biletmanipuleringar som er vert å få med seg.

50 gode eksempler på informasjonsgrafikk

USPS Mail 1

Francesco Mugnai har laga til ein oversikt over 50 ganske så gode eksempler på informasjonsgrafikk. Alt frå statistikk på kva du får i postkassa di, beste øl i USA, til oversikt over korleis vatnet frå toalettet går sin runddans og endar opp i glasset du drikk av…

Zion Graphics

Zion Graphics

Zion Graphics består av tre kreative hovuder og held til i Stockholm. Kundane deira er for det meste plateselskap/artistar, og dermed er mange av deira design platerelatert. Dei har også eindel logoarbeid som er verd å få med seg.

Lukeparkering skal ikkje vere lett

Gratis knask på tampen

Ikoner

Skrifter

Til me snakkast att: Kos deg vidare med is i det ustabile veret. Eventuelt stikk innom Don’t even reply for ein livsforlengande latter!


2 ytringar

  1. Fin blogg :) Men hvorfor unbornchikken og ikke unbornchicken? Skriveleif eller et gjennomtenkt ordspill som jeg ikke skjønner?

    Ole Fredrik Lie
    fredag 14. august 2009, 11.40 · Permalenkje
  2. Takker for det! «Unbornchikken» er henta fra teksten til songen «Paranoid Android» av gruppa Radiohead utifrå cover-heftet som fylgjde med albumet «OK Computer». Enkelt og greitt :D

    Espen M. Kvalheim
    fredag 14. august 2009, 15.16 · Permalenkje

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional