Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Oskeladden fekk si prinsesse!

Ja, då var eg ein gift mann. Eg er vorten ein ekte mann. Bryllaupet me, eller rettare sagt Renate, har planlagt i over eit år, er no overstått. Det har ikkje heilt gått opp for meg at eg er ein gift mann, men kjenner at det er det rette og det er ein herleg følelse!

Bryllaupskyss

Ja, då var eg ein gift mann. Eg er vorten ein ekte mann. Bryllaupet me, eller rettare sagt Renate, har planlagt i over eit år, er no overstått. Det har ikkje heilt gått opp for meg at eg er ein gift mann, men kjenner at det er det rette og det er ein herleg følelse!

Etter å ha fått Tyrkiareise i morgongåve av Renate, sit eg no etter ei fantastisk veke her nede og smaker fortsatt på følelsen eg hadde då eg stod ansikt til ansikt med mi vakre brud i Eid kyrkje på Halsnøy førre laurdag. Det kan eigentleg ikkje beskrivast med ord – det må berre opplevast.

Eit eventyr

Ting som hendte den dagen kjem klarare fram, litt og litt. Det er ikkje alt som har gått opp for oss. Eg sit stadig å undrar om det heile kun har vore ein draum, men dess fleire dagar eg får på meg, dess meir kjem ting sigande. Eg er gift. Fantastisk!

I festheftet hadde me skrive om korleis me vart saman, satt saman som ei eventyrforteljing. Dagen etter bryllaupsfesten sa eldstebror min noko som kanskje andre kan vere einig i: Me er eit eventyr.

Fleire bileter og film kjem på nettsida vår etterkvart som me har fått oversikt over alle gåvene, og ting ellers synk inn.

Eg er gift. FYTTI!

Summary in english:


4 ytringar

  1. Gratulerer så mye! Dere var nydelige!

    Cavey
    fredag 10. juli 2009, 10.33 · Permalenkje
  2. Takker for det! Det var ein ubeskriveleg dag eg aldri kjem til å gløyme…

    Espen
    fredag 10. juli 2009, 21.16 · Permalenkje
  3. Så koselig! Gratulerer så mye!
    Til fredag skal jeg til pers ;)

    mia
    måndag 20. juli 2009, 10.46 · Permalenkje
  4. De får ha mykje lukke til på dagen dykkar!
    Takker for gratulasjon!

    Espen
    måndag 20. juli 2009, 11.03 · Permalenkje

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional