Skapelsen

Fekk denne teksten på ein e-post av ein kollega her om dagen. Eg trur det var ein grunn for at han gjorde det, men eg kan ikkje heilt skjønne kvifor. Du får lese og hjelpe meg…

Hoppsannsa!

Fekk denne teksten på ein e-post av ein kollega her om dagen. Eg trur det var ein grunn for at han gjorde det, men eg kan ikkje heilt skjønne kvifor. Du får lese og hjelpe meg…

Først skapte Gud eselet. Gud sa til eselet:
– Du er eit esel. Du skal slite og slepe dagen lang og verta kalla dom i hovudet. Du kommer til å leva  i 20 år.

Eselet svarte:
– Uff då, det høyres ikkje ut som noko bra liv. Kan me ikkje seie at eg berre skal verta 5 år gamal?
Gud aksepterte Eselets forslag.

Så skapte Gud hunden. Gud sa:
– Du skal kallast hund, leva eit liv i underkastelse, ete restar frå middagsbordet og vokte huset. Du skal leva i 35 år.

Hunden sa:
– Oi, det vert kanskje ikkje så gøy. Kan eg ikkje berre få verta 15 år istaden?
Gud aksepterte hundens forslag.

Deretter skapte Gud papegøya. Gud sa:
– Du skal kallast papegøye. Du kjem til å sitje i eit hjørne og gjenta alt som vert sagt, til stor irritasjon for alle. Du vert 75 år gamal.

Papegøya undra seg:
– Det høyres veldig ensformig… Kan me ikkje berre seie 50 år?

Gud aksepterte papegøyas forslag. Til slutt skapte Gud mannen.

Gud sa:
– Du er eit menneseke, ein mann! Du skal ha eit bra liv. Du er klok og intelligent, så du kjem til å bestemme her i verda. Du skal verta 20 år.

Mannen svara:
– Det høyres jo ut som eit bra liv, me kan det ikkje vare litt lengre?
(No viser mannen for fyrste gong eit bevis på hans intelligens)
– Kan eg ikkje få dei 15 åra som eselet ikkje ville ha, dei 20 som hunden takka nei til, samt dei 25 som vart til overs etter papegøya også?

Gud aksepterte mannens forslag.

Difor lever mannen eit herleg liv til han er 20 år. Så giftar han seg, for å slite og ta tunge bører i 15 år og verta kalla dum i hovudet. Deretter må han underkasta seg den øvrige familiens behov, leve på rester frå bordet og vokte huset i 20 år. Dei siste 25 åra av sitt liv sit han i eit hjørne og gjentar alt som folk seier, til stor irritasjon for menneska ikring han…

6 Comments

Syntes den var morsom, men eg tror ikkje den kolegaen din kjenner ho du skal gifte deg med? Tror nemli ikkje at det kommer til å stemme helt med dere to. ps:lykke til med resten av forberedelsene.

Artig, artig :)

Kommentarinfo ser forresten ikkje ut til at blir lagra, Espen. Må skrive inn navn, epost og webside hver gang jeg er her inne :(

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.