Espen M. Kvalheims forundringar i eit eggeskall

Skapelsen

Hoppsannsa!

Fekk denne teksten på ein e-post av ein kollega her om dagen. Eg trur det var ein grunn for at han gjorde det, men eg kan ikkje heilt skjønne kvifor. Du får lese og hjelpe meg…

Først skapte Gud eselet. Gud sa til eselet:
- Du er eit esel. Du skal slite og slepe dagen lang og verta kalla dom i hovudet. Du kommer til å leva  i 20 år.

Eselet svarte:
- Uff då, det høyres ikkje ut som noko bra liv. Kan me ikkje seie at eg berre skal verta 5 år gamal?
Gud aksepterte Eselets forslag.

Så skapte Gud hunden. Gud sa:
- Du skal kallast hund, leva eit liv i underkastelse, ete restar frå middagsbordet og vokte huset. Du skal leva i 35 år.

Hunden sa:
- Oi, det vert kanskje ikkje så gøy. Kan eg ikkje berre få verta 15 år istaden?
Gud aksepterte hundens forslag.

Deretter skapte Gud papegøya. Gud sa:
- Du skal kallast papegøye. Du kjem til å sitje i eit hjørne og gjenta alt som vert sagt, til stor irritasjon for alle. Du vert 75 år gamal.

Papegøya undra seg:
- Det høyres veldig ensformig… Kan me ikkje berre seie 50 år?

Gud aksepterte papegøyas forslag. Til slutt skapte Gud mannen.

Gud sa:
- Du er eit menneseke, ein mann! Du skal ha eit bra liv. Du er klok og intelligent, så du kjem til å bestemme her i verda. Du skal verta 20 år.

Mannen svara:
- Det høyres jo ut som eit bra liv, me kan det ikkje vare litt lengre?
(No viser mannen for fyrste gong eit bevis på hans intelligens)
- Kan eg ikkje få dei 15 åra som eselet ikkje ville ha, dei 20 som hunden takka nei til, samt dei 25 som vart til overs etter papegøya også?

Gud aksepterte mannens forslag.

Difor lever mannen eit herleg liv til han er 20 år. Så giftar han seg, for å slite og ta tunge bører i 15 år og verta kalla dum i hovudet. Deretter må han underkasta seg den øvrige familiens behov, leve på rester frå bordet og vokte huset i 20 år. Dei siste 25 åra av sitt liv sit han i eit hjørne og gjentar alt som folk seier, til stor irritasjon for menneska ikring han…

Publisert

Summary in english:


4 ytringar

  1. hahaha… fantastisk :)

    marina
    fredag 19. juni 2009, 17.54 · Permalenkje
  2. Haha =D

    Andreas
    måndag 22. juni 2009, 18.24 · Permalenkje
  3. Artig, artig :)

    Kommentarinfo ser forresten ikkje ut til at blir lagra, Espen. Må skrive inn navn, epost og webside hver gang jeg er her inne :(

    Joachim
    onsdag 24. juni 2009, 1.10 · Permalenkje
  4. Lagrer seg automagisk hos meg og alle andre av «mine» maskiner eg skriv kommentarer på. Også utan å vere innlogga. Det er di maskin, basta!

    Espen M. Kvalheim
    onsdag 24. juni 2009, 20.47 · Permalenkje

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.


v 10 · 2002–2010
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan man få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Strict