Meir enn bokstavar

Eg er kanskje seint ute med denne posten, i og med at mange av lenkjene har florert på Twitter den siste tida. Eg føler, og håpar, likevel at eg fortsatt kan nå den gruppa som endå ikkje har fått med seg skriftas betydning for oss menneske. I dag skal eg vise deg nydelege eksempler på bruk av typografi. Og det på ein måndag.

Typography by Kasper

Eg er kanskje seint ute med denne posten, i og med at mange av lenkjene har florert på Twitter den siste tida. Eg føler, og håpar, likevel at eg fortsatt kan nå den gruppa som endå ikkje har fått med seg skriftas betydning for oss menneske. I dag skal eg vise deg nydelege eksempler på bruk av typografi. Og det på ein måndag.

53 gode eksempler på typografi

PSDtuts+ har samla 53 eksempler på god bruk av typografi i design. Eit av eksempla kan du sjå i toppen av dette innlegget, noko ein danske ved namn Kasper har kreert. Ikkje det at det har noko betydning, men han nyttar faktisk Windows XP for å skape desse kunstverka. Kvifor PSDtuts+ (og eg) nemner det er opp til lesaren å bedømme.

Typografi som sprengjer formatet

Sjekk ut resten av <a href=

Tittelen kan jo kanskje høyres litt tåpeleg ut, men det er jo det som er greia med 3D. Ting skal ut av det flate formatet. Designbloggen til Walid Wannous, Touchey, har ein god samling av diverse 3D-design der typografi er ein vesentleg faktor.

Teksteffektar i Photoshop

Sjekk òg ut Web Design Ledger si liste over gode typografiske effektar i Photoshop:

Kva har t-skjorter med typografi å gjere?

Typetee

Er du ein/ei som meg og elskar tekst sånn på generelt grunnlag, eller ikkje likar å gå med t-skjorte med Ole Brum-trykk? Min nye favoritt innan t-skjorte design/butikk på nett er heretter Typetees. Dette er ei ny grein på Threadless-stamma. Har du endå ikkje høyrt om dei, er det jaggu på tide eg fekk fingeren ut og fortalde deg det. Beklagar den!

Når me likevel er inne på tekst…

PSDtuts+ har også samla eindel gode sitat som dekkjer emnet skrift og språk i design. Den første er ein av mine favorittar, mogleg det har noko med mitt hugleik for kollektivtransport:

Art has to move you and design does not, unless it’s a good design for a bus.
David Hockney

Type design moves at the pace of the most conservative reader. The good type-designer therefore realizes that, for a new font to be successful, it has to be so good that only very few recognize its novelty.
Stanley Morrison

2 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.