Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Ny epoke

Sidan eg i sommar skal gifte meg og byrje ein ny epoke i livet mitt, har eg bestemt meg for å trappe kraftig ned på blogginga her på sida. Frå 22. august, når domenet mitt går ut, kjem eg ikkje til å fornye perioden.

the unborn chikken: slettes

Sidan eg i sommar skal gifte meg og byrje ein ny epoke i livet mitt, har eg bestemt meg for å trappe kraftig ned på blogginga her på sida. Frå 22. august, når domenet mitt går ut, kjem eg ikkje til å fornye perioden.

Det er to relativt store og innlysande grunnar til dette:

  1. Eg har fram mot, og etter bryllaupet, ikkje tid til å blogge om unødvendige ting som knask på ein fredag og ny god design på nett og papir. Eg må rett og slett prioritere mi kone, heimen og det som livet måtte bringe.
  2. Fordi det ikkje ser ut til at det er nokon som kjem med respons til korleis eg kan drive bloggen vidare, og då går eg berre å sullar i ørska. Hadde store planar om å fornye designet, men dette er no lagt på hylla.

Før det er for seint anbefalar eg deg å besøkje sidene mine der eg listar opp av nettstader som har fokus på design og skifter,før sida mi forsvinn frå Internett.

Eg må likevel kome med ein innrømmelse om at det var kjekt så lenge det varte, og takk for at du var innom nettsida mi i ny og ne.

Summary in english:


6 ytringar

  1. hø hø..

    Anders-Meyer Eldøy
    onsdag 1. april 2009, 11.57 · Permalenkje
  2. Aprilsnarr!

    Fredrik
    onsdag 1. april 2009, 12.21 · Permalenkje
  3. Godt gjennom tenkt aprilsanrr min broder! :D

    asdasd
    onsdag 1. april 2009, 22.02 · Permalenkje
  4. Det verste var vel at den ikkje var så gjennomtenkt. Anders «stjal» idéen min, då måtte eg berre kome på noko fiffig i løpet av eit par minutt på morgonkvisten :D

    Espen M. Kvalheim
    torsdag 2. april 2009, 7.23 · Permalenkje
  5. Haha, beklagar den. Det var ganske spontant i grunn. Me kan jo bytte neste år.. Eg «legg ned» og du skriv «dansk».

    Anders-Meyer Eldøy
    torsdag 2. april 2009, 9.28 · Permalenkje
  6. Det var vel heller slik at når eg såg du posta din, tenkte eg : «Fatosten, den var jo genial. Kvifor kom ikkje eg på den før?». Me får knaska ut noko lurt til neste år :D

    Espen M. Kvalheim
    torsdag 2. april 2009, 9.54 · Permalenkje

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional