Espen M. Kvalheims forundringar i eit eggeskall

Finn eit bilete og blogg om det

Renate satt i sjakk matt

Etter å bladd meg gjennom Mia Holtes mange gode blogginnlegg, fant eg ein litan ting som ser ut til å spre seg på bloggar rundt omkring og som eg ville prøve ut.

Heile greia går ut på følgjande:

  1. Gå inn på Mine bileter/mapper
  2. Vel den 4. mappa
  3. Finn det 4 biletet
  4. Sett inn biletet på bloggen og skriv litt om det

Dette høyrer kanskje ut som ein spøk, men då eg tenkte eg skulle slengje meg på dette, var biletet av Renate i sjakkruter det eg fekk i tankane. Eg måtte smile då det fjerde biletet i den fjerde mappa var akkurat det biletet. Det er tatt ein av dei første gongane madammen og meg møttest. Det var på ein utstilling for Kunsthøgskolen i Bergen, og rommet Renate sit i, er den midlertidige «baren» til ei venninne av meg som går på den skulen. Perfekt bilete i mine augo.

Finn eit bilete, og sleng deg med du også!

Publisert

Summary in english:


2 ytringar

  1. Artig! Hugsa godt den baren der sjølv, hehe. Synd den ikkje vart permanent.

    Prøvde på «Finn eit bilete og blogg om det» sjølv. Men eg traff berre babybilder, og eg klarte ikkje heilt vinkla det inn mot temabloggen min.

    Anders-Meyer Eldøy
    onsdag 4. mars 2009, 10.03 · Permalenkje
  2. Du kan jo vinkle det slik: «Internet er fortsatt i sin spede barndom»…
    Og jau, kunne godt ha vore permanent. Den var genial!

    Espen M. Kvalheim
    torsdag 5. mars 2009, 8.39 · Permalenkje

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.


v 10 · 2002–2010
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan man få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Strict