Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Siste nytt frå Hentesveisforbundet

For dei av dykk som kjenner meg, veit at eg elskar å hate hentesveis. Eg har sjølv eit godt påbyrja anlegg for å få denne fantastisk stygge hårsveisen, men vel å halde meg eit godt stykke unna likevel. Men ikkje tru at eg ikkje likar å finne nyttig og unyttig informasjon om emnet av den grunn…

Combover-puppy

For dei av dykk som kjenner meg, veit at eg elskar å hate hentesveis. Eg har sjølv eit godt påbyrja anlegg for å få denne fantastisk stygge hårsveisen, men vel  å halde meg eit godt stykke unna likevel. Men ikkje tru at eg ikkje likar å finne nyttig og unyttig informasjon om emnet av den grunn…

Tvert om. For det finst mykje stoff om emnet, og det er vanskeleg å begrense seg når man har ein slik hengivenheit for hentesveisen. Dog, eg skal fatte meg i korheit og berre presentere få, men viktige momenter i hårfrisyrens fantastiske historie.

Patentert i 1977

Donald og Frank J. Smith fant ut i 1977 at dei likegodt skulle patentere dette med å dandere håret på ein spesiell måte. Patentet kan sjåast her. Ikkje verst.

Comb Over: The Movie

Man kan leggje ut i det lange og breie om kor bra eller dårleg programtilbodet til NRK har vore, og er, men eit av mine beste NRK-augnablink hendte 12. august 2006. Fakta på laurdag sendte denne dagen etter mi meining ein av dei beste dokumentarane som har vorten vist på norsk televisjon. Dokumentaren sitt mål var å finne den ultimate hårsveisen blant folket i USA. Diverre finn eg ikkje denne filmen att nokon stad. Dette er ein kvalitetsfilm som alle med eit meir eller mindre synleg hårtap bør ha i hylla si. Alt eg kan gjere, er å guide deg inn på desse sidene for meir utfyllande informasjon og eit par tjuvtittar:

Put some music on…

Sjølvsagt måtte jo eit band også oppkalle seg etter denne mindre motevennlege hårstilen. Bandet Combover har eit par songar til nedlasting som kanskje kan få deg til å tralle litt, eller kanskje ta ein liten svingom på stuegolvet.

Ikkje fått nok?

Om du delar mi fryd over heilt horrible hårsveisar, ja då kjem du til å leggje din elsk på Holy Tacos geniale fotogalleri fylt til randen av bileter av folk med meir eller mindre jyselege hentesveisar.

Ikkje nøl med å leggje att lenkjer til bileter og videoar om emnet :D


Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional