Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Welcome to Jumbo Hostel!

Ta ein utdanka jumbojet, plassér det på ein passande eigedom, røsk ut alt innholdet, sleng inn eit par sengar, stolar og ekstra veggar. Vips så har du verdas første flyhotell i ordets rette tydning. Velkomen inn i Jumbo Hostel!

Jumbo Hostel

Ta ein utdanka jumbojet, plassér det på ein passande eigedom, røsk ut alt innholdet, sleng inn eit par sengar, stolar og ekstra veggar. Vips så har du verdas første flyhotell i ordets rette tydning. Velkomen inn i Jumbo Hostel!

OK, så bestemte eg meg for å vente til det kom opp i ALLE tenkelege nettaviser før eg posta eit eige innlegg om at dette hostellet opner denne veka. Jo fleire, jo betre seier no eg.

Altså: Du skal ut og fly, men så går ikkje flyet og du må betale overnatting. Vanleg situasjon. Dette har no Oscar Diös gjort noko med. Han bestemte seg i 2007 for å ekspandere sin hotell og hostell-virksomhet. Han tenkte at eit billig alternativ var å bygge eit hostel like ved den svenske hovudflyplassen. I utgongspunktet ein enkel affære, såframt planane går gjennom. Men det å komme på idéen å taue eit utdanka Boeing 747-200 fly til Arlanda flyplass for å innkvartere reisande, er jo ikkje akkurat kvardagskost.

Brudesuiten

Resultatet ser lovande ut, og frå i går av kunne man sove i ein av dei 25 romma ombord. I tillegg har vel alle hostel/hotell med respekt for seg sjølv ei brudesuite. Dette flyet, rettelse, hostellet er inget unntak. Heilt framme i flyet, i cockpiten, finn du det einaste rommet med eige bad, nemleg brudesuiten. Foruten lobbyen inneheld hostellet spisesal og eit konferanserom.

Summary in english:


2 ytringar

  1. Haha, konge:) Ser jo kanon kult ut!

    Henrik Torjussen
    laurdag 17. januar 2009, 10.58 · Permalenkje
  2. Jepp! Skal ikkje sjå vekk i frå at eg tek turen innom ein eller annan gong i løpet av kort tid. Slikt må jo opplevast :D

    Espen M. Kvalheim
    sundag 18. januar 2009, 18.37 · Permalenkje

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional