Glædeleg Jol & Godt Nyttaar!

Renate og Espen ynskjer god jul!

Uanskvett kor tidleg man enn måtte starte med julepynting (og salg av det), er det fint lite som slår den følelsen eg får når eg kjem inn i stova til foreldra mine og kjenner dufta av julekaker og pinnakjøt. Juleborda er unnagjort, pakkane er meir eller mindre på plass, juleferien er i gong og det er endeleg tid for ein velfortent julefeiring!

Ei tid for tradisjonar

Jul er jo noko som er kvart år, det kan jo kallast ein tradisjon. Då eg surfa på nettet her om dagen oppdaga eg ein meir spesiell, men likevel god tradisjon mellom Norgesmøllene og Øksnes kommune. Ingeborg Mikkelsdatter testamerte på sitt dødsleie i 1621 500 riksdaler til Domkirken i Bergen mot at dei kvart år skulle sende 500 kg mjøl til dei fattige i Øksnes kommune. Denne tradisjonen har no vart i 387 år…

Astronomisk jul

I følgje vår kjendis-astronom Knut Jørgen Røed Ødegaard kan stjernebiletet type på at det eigentleg skulle vore jul allereie 12. november. Kanskje det ikkje var for tidleg å tenne julelysa i Strandgaten i Bergen 9. november likevel?

Ville eigentleg med dette innlegget ynskje dykk alle ei fortreffeleg jul og ei fantastisk nyttårshelg frå meg og madammen! Håper på at du koser deg kor enn du måtte befinne deg i ei tid som denne!