Skostredet

Eg kunne ha skrive om ein vin, ein bil eller kva som helst eigentleg, men valgte i dag å fortelja om Skostredet i Bergen. Denne litle smale gata, eller korte om du vil, som ligg i Vågsbunnen i Bergen. Denne er spesiell året rundt, men i førjulstida byr den på ein stemning du sjeldan får andre plasser.

Skostredet

Eg kunne ha skrive om ein vin, ein bil eller kva som helst eigentleg, men valgte i dag å fortelja om Skostredet i Bergen. Denne litle smale gata, eller korte om du vil, som ligg i Vågsbunnen i Bergen. Denne er spesiell året rundt, men i førjulstida byr den på ein stemning du sjeldan får andre plasser.

Er du seint ute med julegåveinnkjøpa, eller rett og slett ikkje har lyst å kjøpe noko som kanskje nokon andre har kjøpt på ein meir kjent butikk, er dette gata du bør besøkje. Med klesbutikkar som T Michael (designerklede), Transit (herreklede), Håkki (t-skjorter), Klesskapet (secondhand), Barrio og Boogaloo/Robot (klede/musikk/dingser) skal det mykje til før du risikerer at man får to ting av same sort til jul.

Boogaloo/Robot

Om du ikkje er ute etter noko å dekkja til kroppen med, kan du alltids stikke innom Bodhi Beat Serviz (musikksjappe/elektronisk musikk), Kamelone (ting/dingser), Hjem Kjære Hjem (interiørforretning) eller Frimerkehuset (frimerker/antikviteter/bytte) for dei som måtte ynskje det. Om du kranglar med datamaskinen din, ja då kan dykk dra til Zoex (data support) for å ordne opp i gemyttane…

Ali kurerer gruff…

Capello interiør

Usikker om det er Ali Kaffi dei selg på kaffeane i Skostredet, men det skal ikkje stå på variasjon i både interiør og utval når det kjem til kaffepausen. Capello har gått for 50-talsstilen og gjennomført den til det fulle. Søtt+Salt ligg vegg i vegg og er eit matselskap som forvandler butikken deira om til ein intim restaurant på kvelden. Om 50-talsstilen ikkje passar deg, eller du ikkje liker nymotens restaurant, då kan du stikke til naboen ikkje så langt ned i gata for ein kopp kaffi – Skostredet Kaffebar.

Østre Skostredet

I enden av Skostredet finn du ei stikkgate med fleire interessante rom. Lydgalleriet presenterer lyd som utstillinger i nyoppretta lokaler i denne gata. Vis-a-vis ligg Galleri Vox som viser varierande utstillingar og huser verksted til 15 kunstnere. Fotograf Hanne Solheim held også til i denne gata, og kan hjelpe deg med portrettfotografering. Om ikkje dette skulle dekkje ditt behov, kan du la Co Pilot Feber Film (design/kommunikasjon/film) ta hand om både lyd og bilete for å danne den ultimate opplevelsen av bevegelege bileter.

Eigen nettstad

Som Bergens kanskje koslegaste gate, har den jo sjølvsagt også ein eigen nettstad. Her kan du sjå bilete frå gata, lokaler og følgje med på arrangement som finn stad i desse gatene (Østre Skostredet/Skostredet). I tillegg kan du sjølvsagt lese meir om dei forskjellige butikkane og firmaene som held til her.

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.