Få det inn med teskjei

Envato tutorials

Som ein ihuga grafisk design­er møter man stadig på nye utfor­dringar innan­for denne sjan­geren. Står man fast pleier man å søk­je infor­masjon og hjelp av anten medar­bei­darar eller rett og slett spørre Google. Om man vil gå direk­te til gode resul­tat, kan eg anbe­fale veiled­ningssi­dene (tuto­ri­alsene) til Enva­to.

Dette er sider eg nesten til dag­leg er innom for å finne svar på både små og store design­prob­le­mer. Om du reg­istr­erar deg og abon­ner­er på tjen­es­ta får du tilgo­ng til eit endå større univers (også så fint kalla «Plus»). Sidene er lagt opp slik at du enkelt finn fram til det du er ute etter på ein grafisk fin måte.

Under skal eg prøve å gje deg eit kort resymé på kva dei forskjel­lige inneheld av snad­der…

Audiotuts

Audiotuts

Denne har eg per­son­leg aldri brukt, men rek­nar med at den hold­er same gode nivå som dei neste sidene under. Uan­skvett vil du her få veiled­ningar gjen­nom audio-kvarda­gen, lyd-relaterte artik­ler, video­er og gratis ned­last­ing av lyd­klipp som du kan bruke.

Nettuts

Nettuts

Denne har eg kun fått benyt­ta meg av dei siste dagane, etter­som eg først oppda­ga den­no tid­leg i desem­ber. Her kan du finne veiled­ningar, videoar og artik­lar som spen­ner seg over temaene HTML, CSS, Javascript, CMS-er, PHP og Ruby on Rails. Gratistin­ga du kan finne på denne sida er ikon­er, skript med meir.

PSDtuts

PSDtuts

Dette er kan­skje flag­gskipet til Enva­to når det kjem til antall besøk­jande og popularitet/bruk. Utifrå min RSS-lesar vert det lagt til frå fem til ti nye sak­er kvar dag. Den er med andre ord smek­ka full med artik­ler og veiled­ningar med pro­fesjonelt blikk og detal­jer (her får man ting inn med teskjei), er dette ei side einkvar Pho­to­shop-brukar bør leg­gje til blant bok­merkene sine. Gode og velfork­larande videosnut­ter er å finne også her. Også her er det gratis ned­last­ing av brush­er og diverse til Pho­to­shop.

PS: Denne veka (frå 1. til 8. desem­ber) er det Web-veke hos PSD­tuts, og dermed kan du hente ekstra inspi­rasjon og hjelp til dine nett-behov.

Vectortuts

Vectortuts

Vek­tor er ein fin grafikk­type å jobbe med, og på Vec­to­turs får du også flust av artik­lar, videoar og veiled­ningar for å kunne gjere omver­da litt meir stil­full. Sjølv om bruken av Adobe Illus­tra­tor er over­rep­re­sen­tert, er artik­lane såpass detal­jerte av du kan bruke kva slag vek­tor­pro­gram du måtte ynskje. I likheit med alle dei andre nem­nte sidene, vert du også her tilby­dd gratis ned­last­ing av meir eller min­dre nyt­tige ting til bruk i ditt design.

PS: Dette inn­legget har eg også pub­lis­ert på NorskDesignForum.no.

AEtuts

2. feb­ru­ar 2009: Ser i etter­tid at Enva­to har star­ta ei slik side for After Effects også. Sjekk innom AEtuts for meir infor­masjon.