Syphone – iPhone SMS-backup

Etterkvart som eg brukar iPhonen min meir og meir, kjem fleire og fleire ynskje fram på ting som manglar. Denne gong er det ikkje sjølve telefonen som manglar noko, men programvaren eg brukar ved overføring av informasjonen. For eksempel dette med å ta backup av viktige meldingar.

Syphone

Dette var ein relativt enkel sak med min gamle Siemens, avdi produsenten hadde laga programvare til å hente ut meldingane eg ville ta kopi av. Apple har ikkje ein slik sak, dei har kun iTunes som synkroniserar musikken, kontaktar og andre liknande saker frå telefonen til maskina.

Etter litt søk på Google fann eg endeleg verktyet eg har leita etter, nemleg Syphone. Dette programmet tek nytte av backupfunksjonen iTunes brukar ved synkronisering, og konverterer uleselege og rotete backupfiler til leselege meldinger som du kan eksportere. Funker dessverre kun på Mac.

Eit lite tips på tampen: Om du også slit med å få dette til å fungere, sjekk ut denne forum-tråden for hjelp.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.