Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Syphone – iPhone SMS-backup

Etterkvart som eg brukar iPhonen min meir og meir, kjem fleire og fleire ynskje fram på ting som manglar. Denne gong er det ikkje sjølve telefonen som manglar noko, men programvaren eg brukar ved overføring av informasjonen. For eksempel dette med å ta backup av viktige meldingar.

Syphone

Etterkvart som eg brukar iPhonen min meir og meir, kjem fleire og fleire ynskje fram på ting som manglar. Denne gong er det ikkje sjølve telefonen som manglar noko, men programvaren eg brukar ved overføring av informasjonen. For eksempel dette med å ta backup av viktige meldingar.

Dette var ein relativt enkel sak med min gamle Siemens, avdi produsenten hadde laga programvare til å hente ut meldingane eg ville ta kopi av. Apple har ikkje ein slik sak, dei har kun iTunes som synkroniserar musikken, kontaktar og andre liknande saker frå telefonen til maskina.

Etter litt søk på Google fann eg endeleg verktyet eg har leita etter, nemleg Syphone. Dette programmet tek nytte av backupfunksjonen iTunes brukar ved synkronisering, og konverterer uleselege og rotete backupfiler til leselege meldinger som du kan eksportere. Funker dessverre kun på Mac.

Eit lite tips på tampen: Om du også slit med å få dette til å fungere, sjekk ut denne forum-tråden for hjelp.

Summary in english:


Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional