Pludder

Ein kort oppsumering av ting som kjem.

oppdatering

Eg ynskja meg eit reint design då versjon 9 av sida mi skulle kome ut. Det fekk eg, dog det har satt visse begrensningar for kva eg har fått putta inn på sida av tilleggsopplysningar om innlegga, til dømes tagger og kategoriar. Dette er noko som eg til no har hindra meg sjølv i å putte på plass, nettopp for å minske pludder (i webside-design samanheng) på sida. Eg har bestemt meg for å ta tak i designerpenselen min, svinge den rundt og få desse tillegga til mi side:

  • Tagger
  • Større «forhandsvisning» av de førre innlegga
  • Kategoriar
  • Større utnyttelse av den store kvite flata på høgresida

I tillegg til dette har det vore kontinuerleg oppdatering på småting som anten ikkje har fungert, eller som rett og slett har mangla sårt…

Andre prosjekt

I tillegg til eindel arbeid på mi eiga nettside, jobber eg med å få til ein eller to skrifter til. Mogleg eine eller begge kjem med moglegheit for å kjøpe dei. Dette fordi dei har litt for mykje «sjel» til å verta gitt gratis. Også ei ny nettside for noko veldig hyggjeleg er også på teiknebrettet.

Ting vert oppdaterte så fort dei er klare og ferdig testa, så følg med – heile tida! Kom gjerne med innspel på kva som bør leggjast til av stæsj, eller kva som absolutt ikkje treng vere der. Det er eitt fett om det er av eksisterande eller ikkje-eksisterande elementer på sida per i dag.

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.