Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Pludder

Ein kort oppsumering av ting som kjem.

oppdatering

Eg ynskja meg eit reint design då versjon 9 av sida mi skulle kome ut. Det fekk eg, dog det har satt visse begrensningar for kva eg har fått putta inn på sida av tilleggsopplysningar om innlegga, til dømes tagger og kategoriar. Dette er noko som eg til no har hindra meg sjølv i å putte på plass, nettopp for å minske pludder (i webside-design samanheng) på sida. Eg har bestemt meg for å ta tak i designerpenselen min, svinge den rundt og få desse tillegga til mi side:

  • Tagger
  • Større «forhandsvisning» av de førre innlegga
  • Kategoriar
  • Større utnyttelse av den store kvite flata på høgresida

I tillegg til dette har det vore kontinuerleg oppdatering på småting som anten ikkje har fungert, eller som rett og slett har mangla sårt…

Andre prosjekt

I tillegg til eindel arbeid på mi eiga nettside, jobber eg med å få til ein eller to skrifter til. Mogleg eine eller begge kjem med moglegheit for å kjøpe dei. Dette fordi dei har litt for mykje «sjel» til å verta gitt gratis. Også ei ny nettside for noko veldig hyggjeleg er også på teiknebrettet.

Ting vert oppdaterte så fort dei er klare og ferdig testa, så følg med – heile tida! Kom gjerne med innspel på kva som bør leggjast til av stæsj, eller kva som absolutt ikkje treng vere der. Det er eitt fett om det er av eksisterande eller ikkje-eksisterande elementer på sida per i dag.

Summary in english:


Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional