Agurktid?

Streken

Sumaren nærmar seg, og med den solstikk, solbrentheit, og uventa regnbyger i hytt og pine. Me får satse på at det vert minst av det siste, dog for slike dagar kan det kanskje vere artig å prøve dette finurlege spelet. For min del så skal eg få ein forsmak på ferien ved å dra ned til Belgia og Rock Werchter for å høyre på Band of Horses, Radiohead og Sigur Rós.

For dei av oss som må slite med jobb (minst) ei veke til, så kan eg by på litt av kvart å ta seg til under:

Streken er tilbake!

Er du ein av dei som heller likar å sjå på bevegelege bileter enn å spele bord-frisbee? Då kan eg opplysa, og kanskje også gleda deg med at den gode gamle Streken er tilbake, eller vertfall tilgjengeleg på Dagbladets Web-TV-tjeneste. Om du samtidig digger musikken, ja, så er det jammen komen ut eit offisielt soundtrack til den også…

Pastafarianism

Agurktid eller ei, for dei av dykk som er ute etter spesielle trusretningar, kan kanskje denne sida vere noko for deg. Man kan vertfall ikkje ta feil når man går forbi denne kyrkja og ser The Spaghetti Monster utanfor

Lyst på leiligheit?

Som kjent så har eg pussa opp leiligheita mi, og den er fortsatt til sals for dei som ynskjer ein fin liten leiligheit i Fyllingsdalen i Bergen. Titt innom annonsa for leiligheita på bobmegleren.no/finn.no og kom på visning! Og helst by på den i same slengen sjølvsagt… 25.07.08: Leiligheita er no solgt for den som fortsatt måtte vere interessert…

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.