Då pengespel var pengespel

Den gode gamle pengeautomat

Hugsar du dei tidene då du og kameratane/venninene dine stod samla utanfor den lokale matbutikken, og såg på kronestykkja som spratt hemningslaust rundt inne i den vidunderlege røde og brunlakkerte pengeautomaten? 

På ferja heim frå bursdagsfeiring på Halsnøy satt eg og surfa på det verds-vide nettet og kom over ein sak på Dagbladet som lyste i mot meg «Savner du det gode, gamle kronespillet?». Det fyrste som kom til meg i tankane mine var om dette kunne vore for godt til å vere sant; Skulle dei innføre desse fantastiske maskinene igjen? Kvar skulle dei stå? Kortid var dei på plass? Eg kjende blodet bruse i glede i takt med smilets breidde…

Forveten som eg var klikka eg på linken, og eg fekk bekrefta at det diverre kun var snakk om ein digital utgåve av pengespelet… Men det gjer si plikt – madammen min, ein kamerat av ho og meg vart sitjande nesten gjennom heile ferjeturen foran skjermen å trykkje. Me vant ikkje mykje, men følelsen av igjen å stå utanfor butikken, sjå kronene fyke rundt inni der og håpe på at dei treff nedi slot’en som gjer mest vinst, var absolutt til stades! Ikkje noko fancy-pancy flimrande ljos og irriterande musikk, kun rein og god «mynt mot tre og metall»-lyd!

Har du mykje å gjera på jobben og i heimen, eller absolutt skulle ha forberedt deg til årets viktigaste møte, ja då er dette lenkja du bør boomarke: Kronespillet. Fråseier meg herved all skuld for konsekvenser som kan oppstå…

4 Comments

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.