Naten+Eppe=sant!

Eppe og Naten feirer!

For å feire 1-årsdagen for endring av sivilstatus, tenkte me (altså madammen min og eg) å friska opp designet på nettsidene våre. Og, ja, dei er ganske like… For å gjere det klart ein gong for alle: Det er ikkje snakk om plagiat, eg kallar det berre for rein hugleik!

Sidan sist:

Det er sikkert ikkje mange, mogleg kun såpass mange at eg kan telje det på ei av mine hender samtidig som eg snakkar i mobiltelefonen, som bryr seg eller følgjer med på kva denne guten driver med på sida si. Men eg tar ein liten oppsumering på kva som har skjedd sidan sist likevel:

Truloving

Fantastisk og sant: Eg er fortsatt trulova med mi vakre Renate, og har nett flytta inn i hennar leiligheit for å pusse litt på min. Og den som venta på nokon dato for bryllup, jau den skal vite at det skjer noko riktig kjekt på Halsnøy den 27. juni neste sommar!

Nytt design

Som nemnt og kanskje du av ein eller annan merkfundig grunn har lagt merke til, har eg skifta design på sida mi. Det er nok sikkert eindel som meinte at det gamle var godt nok, og som kanskje kunne tenkt seg det sjølv. For dei det gjeld, kan det takast kontakt med meg…

Dette designet du no ser på gjekk frå idé, via skissestadiet, til design og koding i løpet av to dager. På vegen har det vore små, men absolutt merkbare forbetringar. Blant anna:

  • Jevnt over lysare «look» på sida
  • Nyttige lenkjer tilhøyrande stoffet på sida (f.eks. på design-sida)
  • Vilkårlege lenkjer til gode sider nederst i det svarte feltet
  • No kan du teste skriftene direkte i nettlesaren
  • Betre og meir oversikteleg portefølje
  • Betre fotoalbum/-visning
  • Arkiv over gamle design på «Om»-sida (fleire kjem)
  • …og generelt litt lystigare fargar her og der

Kom gjerne med innspel på ytterlegare forbetringar om det skulle vera nødvendig.

Bergensveret

Viser seg stadig frå den fine sida for tida. Ingen umiddelbare meldinger om dårleg ver! Men kvifor du sit her og leser på nettsida mi i dette strålande veret, er for meg heilt ufatteleg. Kom deg ut!

PS: Om du lurer på kvifor det kjem eit hjarta med rosa bakgrunn når du fører musepeikaren din over logoen min øverst på sida, ja, så er det berre til å trykkja, så kjem du inn på min trulova sin nettstad!

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.