Noko for einkvar musikkelskar?

Først vil eg berre seie; Fyt­tikat­ten-og-grisen (og andre dyr som måtte passe inn i eit uhem­skt vilt jubel­rop)! Dette kjem til å ver­ta året over alle åra med tanke på kva Bergen den by har å til­by innan musikk-opplevin­gar i år.

Kent var fyrst ute i år, med kon­serten som vart helden i Grieghallen den 26. jan­u­ar. Skulle til å seie at Mag­net vart unnagjort fyrst, men den var jo fak­tisk 25. novem­ber I FJOR. Kvi­for eg i det heile nem­nte den er fort­satt eit mys­teri­um…

Kaizers Orchestra Arenum, 29. februar

Var eg der? Nei. Burde eg vore der? Ja. Her var det tid og penger det stod på. Når det var ledi­ge bil­let­ter burde eg ha kjøpt men pri­or­iterte annleis. Men plut­se­leg var det utsol­gt. I følge media og dei eg kjen­ner som var det, var det eit show verdt å få med seg.

Teitur (og Helgi Jonsson) Garage, 7. mars

Denne var lenge ten­ta­tiv, i og med at eg den dagen hadde sagt meg vil­lig til å helde eit føre­drag på HSH på Stord, og bela­ga meg på å vere der heile hel­ga. Men om eg hadde lyst? Dumt spørsmål. Aldri vore på kon­sert med Teitur før, men det eg har høyrt virkar ganske så bra! At Hel­gi Jon­s­son, som tidle­gare var medlem av Sig­ur Rós, skulle vere sup­port hadde vel kan­skje vore ein bonus som eg burde tatt meg råd til å få med meg.

Wombats Hulen, 4. april

The Wombats
Veit ikkje akku­rat kor mange av dykk der ute i den litle ver­da som har høyrt om karane i The Wom­bats, men dei er eit band eg i lang tid har kunne tenkt meg å gått på kon­sert med. Sist gong dei var i Norge (det har vorten eit par gongar, dog kun i Oslo), var eg i Oslo kun 4 dagar før dei skulle spele, men eg måtte jo dessverre heim og jobbe… Men eg fortvil ikkje — dei skal jo til Hulen 4. april! Joho!

Radiohead Glasgow Green, 27. juni

radiohead.jpg
Einaste kon­serten (as we speak) som eg har tenkt meg utan­bys på, er Radio­head sin kon­sert i Glas­gow. Eg måtte berre føye det til lista, dei er jo ganske så sjølvskrivne i einkvar kon­sert-liste. Eller? Uansett, bil­let­ten er snart i boks forhåpentlegvis, eg treng kun litt hand­fast cash fyrst. Bug­ger. Om det er nokon der ute som veit om ein plass ein kan finne ganske reduserte pris­ar på fly­bil­let­ter ditåt: EG er man­nen som treng info om denslags:D

Foo Fighters (og Queen of the Stone Age) Koengen, 11. juni

Foo Fighters
Her er bil­let­tane sikra. Eg hadde ikkje peng ved innkjøpet av dei, men med kam­er­atar som stiller opp, fekk me ord­na oss likev­el. Her om dagen fekk me jam­men meg i til­legg den glad-nyhei­ta om at Queen of the Stone Age skulle stil­la opp og varme opp pub­liken før Foo Fight­ers entra sce­nen. Gåt­ta­ba­nen!

R.E.M Koengen, 4. september

R.E.M
Dette er ei gruppe eg kunne tenkt meg å fått med meg. Igjen er det den hin­sides høge prisen som mog­leg kjem til å hin­dra meg i å stå på Koen­gen og oppl­e­va vet­er­anane frå R.E.M. 655 kr pluss avgift er ein­del pen­gar for ein fat­tig mann :D Men det er fort­satt ledi­ge bil­let­ter igjen, så kan­skje når eg vinn i eit av Norsk Tip­pings lykke­spel er denne kon­serten også i boks…

Andre konserter frå Bergen Live

I til­legg til den hånd­fulle store lista med band som har/skal opp­tre i Bergen nem­nt ovafor, står det ein heil haug igjen på plakat­en til Bergen Live i løpet av 2008. Vet­er­an-grup­per som Kiss, Metal­li­ca, Judas Priest, Mark Knopfler og Eric Clap­ton er å sjå diverse plas­sar i Bergen. Meir står på pro­gram­met på heimesi­da for Bergen Live. Der er det noko for einkvar musikkel­skar alt­så.

Rock on!