All PR er god PR?

cs_sus basert på Stord ungdomsskuleStord ungdomsskule, i Counter-Strike-map-utgåve

Ser (og høyrer) at det er eindel snakkis omkring denne CS-banen min som er basert på Stord ungdomsskule, etter at det er vorten kjent at eg er å sjå på konferansen «Når nettene blir l@nge» på HSH 7. mars. Etter at Bladet Sunnhordland tok opp «saka» med dette brettet og kva det kanskje kan få fatale konsekvensar for nokon og einkvar, så har visst antall besøkjande til denne sida auka dramatsik (er det ikkje det dei seier i slike tilfelle?). Berre sjekk grafa under frå Google Analytics:

Google analytics

Men etter saka kom opp i avisa, så kan det kanskje virka som om det er eg som skal angripe skulen, vertfall om du søkjer på Goggle etter navnet mitt. Eller endå betre: Den fengjande stringen «Espen M. Kvalheim bombar skule». Det dukker ikkje opp mange treff, men for amerikanarar som søkjer etter terrormistenkte (basert på norske trussel ord som bomber og granater), ja det trur eg ikkje vil tenkje på.

Men berre for å avklare litt for dei som eventuelt fortsatt måtte lure: Nei, eg har ikkje tenkt å ta på meg mi grønne army-hue, magetaska eg fekk i kundegåve (som er forstyrrande likt eit bombebelte), og mine slitne terrormistenkte klede, for å terrorisere noko eller nokon-som-helst…

Smil?

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.