Godt nytt år?

No er det kanskje litt seint å ynskje alle eit godt nytt år, det er jo allereie vorten 9. januar, men seier det likevel. Dog, korleis veit me at det blir eit godt nytt år? Vil sola titte fram frå dei CO2-tunge skyene, og få all forureininga til å forsvinne? Vil alle verta kvitt problema dei på ein eller annan måte har rota seg borti? Vert søkjefunksjonen i OS X Leopard betre? Vil eg venna meg av å seie «Hei!», og heller seie «Ha det!» når eg avsluttar telefonsamtalar? Vil verda verta betre utan George W. Bush, eller? Og vil virkeleg iskrem vere iskrem, og har den ei framtid?

Nyttår i Oslo

Nei, det er jammen meg ikkje enkelt å sjå nett korleis det neste året vil verta. Men det som er sikkert, er at boliglånsrenta fortsatt vil dansa salsa, x-antall nyårsfortset ikkje vil holde særleg lengre enn til, ja, i går (no skal eg ikkje skryte, men mitt har faktisk vart i 3 år no. Isn’t that right, aunty?), og folk vil fortsatt gå rundt og tru at det er bussane og bussjåførane som problemet i kollektivtrafikk-debatten i Bergen, og ikkje dei sjølve. Folk vil fortsatt klage på at det regner når det regner, og snøen aldri lava ned når den skulle, eller det er no ikkje heilt sant, men det kjem tydlegvis like uventa på enkelte… Det vil fortsette å vere krig og fred og sånn i verda. Du vil mest sannsynleg heller aldri vinne 1 million på skrapeloddet du har tenkt å kjøpe i dag. Kanskje 25 kr, men dei bruker du berre opp på eit nytt premietomt lodd…

Og tru det eller ei, så vil faktisk både dyr og mennesker fortsette å drøyme om natta…

Anyhu: Kos deg med deg og dine i 2008!

1 Comment

Legg att eit svar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane dine vert handsama.