Mobil/-miniversjonen av nettstaden er LANGT frå ferdig, så ignorer den fantastisk stygge utsjånaden, eller aller helst sjå den på ein større skjerm...


Til Julenissen

Det er snart jul, det har vel dei fleste fått med seg. Og anten du vil eller ikkje, kjem du til det punkt at du på kommando må kome med ei komplett og helst original ynskjeliste. Difor har eg i år bestemt meg for å likegodt publisere den her på bloggen min. Den er nok garantert ikkje original, men likevel, det er no berre ei liste over ting man kanskje aldri får.

Julenissen?
Det er snart jul, det har vel dei fleste fått med seg. Og anten du vil eller ikkje, kjem du til det punkt at du på kommando må kome med ei komplett og helst original ynskjeliste. Difor har eg i år bestemt meg for å likegodt publisere den her på bloggen min. Den er nok garantert ikkje original, men likevel, det er no berre ei liste over ting man kanskje aldri får. Here we go:

  • «Organisten» eller «Muleum» av Erlend Loe (bok)
  • Kjøkkenkniver (type GODE kniver som Fiskars/Victorinox)
  • Skåler (til f.eks. chips og andre sunne/usunne ting)
  • Sengetøy (grønt/kvitt er vel fine fargar? Dessuten er det ikkje akkurat det gøyaste å kjøpa sjølv, sånn eigentleg)
  • Foppallbukse (ja faktisk!) og nye fotballsko, str 42 (begynner å dra litt på åra dei eg har, sjø’)
  • Gavekort på IKEA
  • Ny stor linse til Canon 350D’en min. Standardlinsa byrjar å verta litt liten…
  • Eg kan jo alltids også føre opp Apples MacBook Pro på lista, berre som ei lita ekstra glede i jula :D

Ellers er eg glad for kva som helst! Ellers som yngste bror min sa etter ei 3 punkters liste over data-utstyr: «Vér kreativ!».

PS: Om dykk møter på Julenissen på dykkar veg, så gje han adressa til sida mi!

Edit, 13. desember 2007 (Ja, ho Edith!):
I tillegg kan eg jo alltids føre opp Diskboxen til siste plata til Radiohead

Summary in english:


Ingen ytringar

Ytr deg i felta til høgre!

Legg att ei ytring

Di e-postadresse vert aldri publisert.
Kors på halsen og ti knivar i hjarta!

(obligatorisk)
(obligatorisk)

Du kan bruke standard HTML attributtar.



v 10.3 · 2002–2012
the unborn chikken er Espen M. Kvalheim sine forundringar i eit eggeskall.
Stjeling kan ein få kviser av, difor gjer eg merksam på at Åndsverklova gjeld.
Stolt driven av WordPress
Du kan faktisk abonnere på RSS om du likar slikt.
Tufta på validerande xHTML Transitional