Musesyke?

Colibri og Quicksilver

Lei av å måtte leite deg fram i Start-menyen på Windows, eller rote deg ned i Docken til OS X kvar gong du skal skifte, eller opne eit nytt program? Anten har du høyrd om den eine eller begge. Kanskje også prøvd dei ut, eller ein fortsatt flittig bruker? Eg bruker begge. Programma Colibri (Windows) og Quicksilver (OS X) er vorten ein kjær og nyttig ting i min kvardag. Med desse er det berre til å taste inn dei første bokstavane til eit program og trykke enter når det dukker opp i boksen midt på skjermen. Under kjem ein kort forklaring:

Colibri (Windows)

For Windows finnes det eindel slike program, dog etter å ha prøvd eit par av dei, fant eg min favoritt i Colibri. Det kan også vere designfreaken i meg som liker den ekstra godt, sidan den har dette reine og genkle preget over seg. Men det er nok sikker også fordi det er raskt og gjer jobben sin slik den skal. Dessverre leitar den kun gjennom maskina etter program, og ikkje like detaljert som Quicksilver for OS X.

Les meir på programmets nettside.

Quicksilver (Mac OS X)

Sitter du på ein Mac er du den heldigaste her. Quicksilver er eit lite, men samstundes ein liten kraftplugg av eit program. Dette søkjer gjennom maskinen fort som fy, og den opner ikkje berre rogram, men også mapper som er definert i operativsystemet (Bilde- og videomappa f.eks.). Den leitar også i adresseboka di, og det er ganske greitt om du skal leite fram eit telefonnummer som du veit du har liggjande ein eller annan plass; Skriv kun inn dei første bokstavane i fornamnet og voilá så har du all informasjon om personen (sett at du har den i adresseboka sjølvsagt).

Les meir på programmets nettside. På denne sida finn du også andre snedige program til din Mac.