the unborn chikken

v9 · laboratoriumis

Verden er ond!

Frå filmen «Heima»

Var innom det islandske bandet Sigur Rós sine heimesider her ein dag i førre veke, og såg til min store glede at dokumentarfilmen deira «Heima» skulle visast på stort lerret under BIFF (Bergen Internasjonale Filmfestival) no den 20. oktober. Pirrande!

Og no på fredag fekk eg ein telefon frå søskenbarnet mitt (som i likhet med meg er relativt stor fan av bandet) der han fortalde den store nyheita om at bandet skulle opptre, live, i KP1 i forkant av filmframvisninga. Eg kjende blodet bruse av glede, og om ikkje eg svevde eit par centimeter over bakken frå før av, så gjorde eg vertfall det der og da. Med den store konsertopplevelsen i Oslo i fjor sommer friskt i minnet, så var dette stort! Dette måtte då vere for godt til å vere sant!

Jo, det var sant, dei skulle komme til Norge og Bergen. Mindre bra var det å bli påminna laurdags morgon at eg eg skulle i gullbryllup denne dagen (altså 20. oktober), og ikkje kunne delta på begivenheten i Bergen… Så mens eg sitter å småprater over ein kaffikopp og 38 sorter kake på eit hotell utanfor Stavanger, så får dere andre kose dere sålenge med ein minikonsert og ein liten film…

Share

Merker: , , , , , ,

Legg attende ein kommentar

Vilkårleg lenkje

Under vil eg poste kjekke, nyttige, morosame, ja i det heile tatt lenkjer som kan verta gøy å ha vorten minnast på om:

Web.AppStorm
Ei side som er dedikert til å vise deg det beste av det beste innan gode og fiffige program til vevdesign og arbeid på nettet. Ofte er det også konkurranser der du kan vinne prgramma dei presenterer.
web.appstorm.net
v9.96 · Espen M. Kvalheim, 2002-2010 · Drive av WordPress. PS: Ikkje stjel, du kan få kviser.
Tufta på validerande xHTML Strict · RSS